Hopp til innhold

Endrar lovverket om el-avfall etter NRK-dokumentar: Slik blir innstrammingane

Miljødirektoratet anbefaler å forskriftsfeste nytt krav om at ingen kan hente el-avfall frå eit mottak utan skriftleg samtykke frå den ansvarlege ved mottaket.

EE-avfall

ELEKTRISK AVFALL: At elektrisk avfall blir smugla til fattige land har vore eit utbreitt problem.

Foto: Morten W. Røkeberg / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Anbefalingane vert sendt til Klima- og miljødepartementet denne veka. Dersom dei er einige i anbefalingane, vil dei fastsetje innskjerpingane i forskrifta.

– Det er veldig viktig for oss å hindre ulovleg eksport av miljøavfall, det er alvorleg miljøkriminalitet og difor skjerpar vi regelverket for å gjere det vanskelegare for uvedkomande å ta ee-avfall frå mottak, seier seksjonsleiar for avfall og gjenvinning i Miljødirektoratet, Hege R. Olbergsveen.

Miljødirektoratet anbefaler at dei nye reglane trer i kraft frå 1. januar 2022.

Kjøpeskap til salgs i Ghana

EKSPORTERT: I Brennpunkt-dokumentaren «Søppelsmuglerne» vart det avslørt at kvitevarer blir frakta frå Noreg til land som Ghana for vidare sal.

Foto: Sindre Skrede / NRK

– Blir enklare å sanksjonere brot

I Brennpunkt-dokumentaren «Søppelsmuglerne» frå 2019 avdekka NRK at bilar fulle av gamalt elektrisk avfall blir sendt ut av Noreg på ulovleg vis.

Avfallet blir ofte eksportert til fattige land der det manglar system for forsvarleg handtering av avfallet, med risiko for menneske og miljø.

Miljødirektoratet etterlyste då eit betre regelverk, då det var usikkert om det var straffbart å stele avfallet ettersom ingen står som eigar av avfallet.

– Dette er ein bransje vi følgjer tett for å hindre eksport, og nye krav vil gjere det enklare å føre tilsyn og sanksjonere brot på regelverket, seier Olbergsveen.

Straffereaksjon vil avhenge av brotet si alvorsgrad.

– Ved mindre alvorlege brot kan vi fatte vedtak om tvangsmulkt. Ved meir alvorlege og gjentakande brot, så kan vi melde, noko som gir grunnlag for etterforsking frå politiet si side.

Hege Rooth Olbergsveen, Miljødirektoratet.

SKJERPAR INN: Miljødirektoratet skjerpar inn reglane for å gjere det vanskelegare å smugle elektrisk avfall, ifølge seksjonsleiar Hege R. Olbergsveen.

Foto: EU-delegasjonen

Vil betre sikringstiltak

Ein viktig årsak til at avfallssmuglinga har vore mogleg, er manglande sikringstiltak på mottaka der avfallet blir levert.

– Det er viktig å innføre forsterka sikringstiltak hos forhandlarar der det forsvinn kasserte ee-produkt. Det er fyrst og fremst dei som er slepphendte med å sikre avfallet sitt, vi vil til livs, seier direktør i Miljødirektoratet, Ellen Hambro.

Det skal mellom anna bli krav om tydeleg skilting hos forhandlarar og kommunale mottak om at det er straffbart å hente ut ee-avfall, og at avfallet ikkje kan hentast ut utan skriftleg samtykke.

Kravet om samtykke gjeld ikkje for aktørar som samlar inn på vegner av godkjente returselskap.

Seksjonsleiar i Miljødirektoratet, Hege R. Olbergsveen understrekar at reglane gjeld for forhandlarar, ikkje forbrukarar.

– Det er dei som er ansvarlege for å sikre avfallet slik at det ikkje kjem på avvege. Med dei nye reglane kan folk føle seg trygge på at el-avfallet dei leverer inn blir haldt forsvarleg.

Ellen Hambro

DIREKTØR: Ellen Hambro er direktør i Miljødirektoratet og vil legge til rette for at kasserte kvitevarer kan brukast om att.

Foto: Christopher Isachsen Sandøy / NRK

Legg til rette for gjenbruk

Mange kasserte el-produkt som leverast til mottak, kan reparerast og brukast om att.

Miljødirektoratet anbefaler difor at aktørar som hentar desse produkta for å reparere eller nytte nokre av delane til å lage nye produkt, kan få tilgang til mottaksstaden.

Dei må då gjere ein avtale om dette med forhandlar eller det kommunale mottaket.

– Vårt forslag legg til rette for at fleire aktørar kan bidra til forsvarleg gjenbruk av desse produkta, og bidra til ein sirkulær økonomi, seier Hambro.

I sidegater i norske byer står gamle biler og fylles med elektronikk. Så forsvinner de. I over et år sporer Brennpunkt bilene, og avdekker en omfattende skjult millionindustri. Det handler om tyveri, trusler og smugling over landegrenser. Og et annet sted bærer noen miljøkonsekvensene.

I sidegater i norske byer står gamle biler og fylles med elektronikk. Så forsvinner de. I over et år sporer Brennpunkt bilene, og avdekker en omfattende skjult millionindustri. Det handler om tyveri, trusler og smugling over landegrenser. Og et annet sted bærer noen miljøkonsekvensene.