–Til helga blir det mørkt og trist, så no må ein verkeleg utnytte det fine vêret dei komande dagane. Det seier Statsmeteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet Anna Reistad.
Stort sett fint vêr fram mot helga
Reistad kan melde om fine vårdagar også denne veka. Det einaste skåret i gleda, er tysdag. Då er det utrygt for regn og overskya vêr fleire stadar i fylket.
–Vêret som vi har hatt den siste tida blir litt øydelagt tysdag. Då blir det mest sannsynleg overskya, med nedbør nokre stadar. Spesielt i indre strøk er det fare for lokale regnbyer, seier Reistad.
Men utover dette ser det ut til å bli ei fin veke i Sogn og Fjordane, med temperaturar over ti grader midt på dagen. Dagtemperaturen denne veka vil bli noko lågare enn førre veke på grunn av vindretning, men det vil framleis bli fine temperaturar.
–Finn du deg ein krok som er litt lun for vinden, kan du få det både godt og varmt, seier Reistad.
Stor grasbrannfare
Grasbrannfaren vil også vere høg utover veka. Det tørre vêret gjer at Reistad oppmodar folk til å vise fornuft med bruk av eld den komande veka.
- LES OGSÅ:
–Folk må tenke over kor dei brenn bål og liknande. Det er så pass tørt ute no at ein må vere forsiktige, seier meteorologen.
Stor forskjell mellom dag og natt
I tillegg kan Statsmeteorologen melde om store temperaturforskjellar mellom dag og natt. Trass i mykje sol vil det kunne vere fare for nattefrost fleire stadar i Sogn og Fjordane.
–Sjølv om det er mykje sol på dagtid, blir det fallande temperaturar utover kvelden og natta. Dette kan føre til temperaturar under null, spesielt i indre strøk vil det vere fare for frost, seier Reistad
Ingen snø i sikte
For dei som framleis hadde håpa på nedbør i form av snø, ser det dessverre dårleg ut. Sjølv om prognosane for tida framover er ganske usikre, er det lite snø i sikte.
–Ja, dei som hadde ønskja seg meir snø må nok vente til neste år trur eg. Dette er framleis veldig usikkert, men slik det ser ut no er det berre regn og mildvêr som ligg i planane tida framover, seier Reistad.