Hopp til innhold

Fylkesordføraren fekk kjeft i fjor – i dag fekk ho ros

BALESTRAND (NRK): Fylkesordføraren hadde ein heilt ny tone i sin årlege tale til fylkestinget. Ho fekk skryt for å vere raus og mild.

Åshild Kjelsnes på talarstolen

FRÅ RIS TIL ROS: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) heldt si årlege tale til fylkestinget. Men i motsetnad til førre år, fekk ho no ros for å vere mild og forsonande.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det er ein årleg tradisjon at fylkesordføraren held tale til fylkestinget der ho summerer opp året som har gått, og tek tak i aktuelle politiske problemstillingar.

I fjor fekk Åshild Kjelsnes kjeft for å vere for kritisk, særskild til regjeringa. I år fekk ho tvert om ros.

– Vi må gå inn i oppgåvene nøkternt og realistisk, slik at vi ikkje skapar unødig uro og uvisse, sa ho frå talarstolen.

– Når det gjeld reformer er bildet framleis svært brokete og uoversiktleg. Vi har lidd nokre tap og vi har vunne nokre kampar.

Nye tonar

Arve Mjømen på talarstolen

ROS: Arve Mjømen (H) var nøgd med både regjeringa og fylkesordføraren sin tale.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Noralv Distad (H), var blant dei mest kritiske i fjor. I år hadde pipa fått ein annan lyd.

– Denne talen var ein god attest på den sitjande regjeringa. Det er stor kontrast frå fjoråret.

Arve Mjømen (H) var einig, samtidig som han ville skryte av sin eigen partifelle.

– Dette var ein god tale. Det er mykje frå regjeringa å glede seg over. Mellom anna grøne sertifikat og kommunereforma. Vi må skryte av arbeidsmauren Bjørn Lødemel på Stortinget.

Tungsinn og trøyst

Jenny Følling med Jarlsbergost

OST: Fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp) hadde med seg ein Jarlsbergost på talarstolen. Ho var mellom anna kritisk til at regjeringa ville fjerne 'eksportstøtta' til osten.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Senterpartiet var derimot kritiske til regjeringa. Fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp) opna med skryte av næringslivet i fylket, men var samtidig kritisk til forslaget om å fjerne den såkalla eksportstøtta for Jarlsbergosten.

– Det er viktige verdiar i fylket som står på spel. Vi har sett kva som skjedde med politidistriktet vårt då vi ikkje stod saman.

Arnstein Menes (Sp) fortalde han vart nærmast deprimert.

– Eg blir full av tungsinn. Det er så mange sentraliserande tendensar at eg fryktar for framtida. Eg gler meg berre til det blir regjeringsskifte.

Frida Melvær (H) svarte han.

Frida Melvær på talarstolen

OMSORG: Frida Melvær (H) seier ho fekk omsorg for Senterpartiet, etter å ha høyrt dei snakke om tungsinn.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg får omsorg for Sp sine representantar når eg høyrer dei snakke med slikt svartsinn. Det er mykje å glede seg over.

– Regjeringa har levert på sakene som Sp ikkje greidde. Greidde de grøne sertifikat på åtte år? Nei. Greidde de ferjeavløysing? Nei. Greidde vi det på knapt eitt år. Ja.

Overraska over ros

– Fylkesordføraren synte seg nettopp som ein ekte fylkesordførar i sin tale. Ho løfta seg over svartmåling og retorikk, sa Frida Melvær (H).

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) sa til NRK etter debatten, at ho var overraska over rosen.

– Eg veit ikkje om eg skal vere bekymra eller glad for det, ler ho.

– Har du lagt deg på ei meir forsonande linje, fordi regjeringa leverer betre enn du forventa?

– Nei, det synest eg ikkje. Men eg må ta inn over meg dei rammevilkåra som er bestemt, og prøve å gjere det beste ut av det.

Fylkestinget i Sogn og Fjordane

DEBATT: Fylkestinget er samla til debatt og diskusjon i to dagar på Kviknes hotell i Balestrand.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK