Hopp til innhold

Mild vinter: – Det er godt nytt for flått, hjortelusfluge og brunsniglar

Gler du deg over den milde og snøfattige vinteren? Til våren kan vi sjå resultatet i form av kryp dei fleste av oss ikkje likar særleg godt.

Flått på menneskehud

TVILSAM TYPE: Den milde vinteren kan føre til ei oppblomstring av flått.

Foto: Erlend Aas / NTB scanpix

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Over heile landet kan det bli sett temperaturrekordar no i januar.

– Det er godt nytt for flått, hjortelusfluge og brunsniglar, seier zoolog og universitetslektor Petter Bøckmann ved Naturhistorisk museum.

Dersom vinteren held fram som no, blir det mykje av dei i år, slår Bøckmann fast.

Eksperten fortel at flått og brunsnigel trekkjer stadig lenger nordover ettersom klimaet er blitt mildare på vinteren.

Han spår store lokale variasjonar og at desse to artane, som er både frykta og hata, kan dukke opp på stader der ein ikkje har sett dei før.

Insekta svelt i hel

I haust var ekspertane stort sett samstemte om at heile vinteren vert mildare enn normalt.

Fråværet av minusgrader kan og gje seg andre utslag, skal vi tru Bøckmann. Han er bekymra for insekt som vaknar opp når det vert varmare. Dersom dei no flaksar av garde,

– Då går det dårleg. Då vil dei svelte i hel.

Det er og ein del planter som er temperaturstyrte. Viss dei blomstrar no og dei insekta som skal pollinere dei ikkje er stått opp av vinterdvalen fordi dei er lysstyrte går det og gale, forklarar han.

Petter Bøckman er zoolog ved Naturhistorisk museum

MEIR FLÅTT: Zoolog Petter Bøckmann seier det kan bli meir flått i sommar om vinteren halde seg mild.

Foto: Karsten Sund

Råkar småfuglane

Insektdød kan også råke småfuglane, som vanlegvis lever av å ete små insekt på våren. Utan mat kan det slå uheldig ut for fleire fugleartar.

Grønfiken og meisene er nokre av fuglane som er registrert færre av dei siste åra. Rådgjevar og ornitolog i Norsk Ornitologisk Forening, Frode Falkenberg, er uroa.

– Vi er spent på om dei kjem seg tilbake til normalnivået.

Uventa effektar

Det kan med andre ord oppstå mange rare og uventa effektar av ein veldig mild vinter eller altfor tidleg vår. Det er helst meir sjeldne insekt og planter som er mest utsette.

– Vi kjem til å sjå sommarfuglar, men vi kjem til å sjå mest av dei vanlege og litt kjedelege artane. Men nøyaktig kva slags utslag den milde vinteren vil gje, veit vi ikkje enno. Det veit vi først til våren, forklarar Bøckmann.

– Vinteren er ikkje over. Vi kan få februar med minus 20 grader og berrfrost, og då er det ikkje moro å vere flått og brunsnigel.

DÅRLEG GLID: Meteorologisk institutt har ikkje målt januarsnø i Oslo – det er ny rekord.