Mild vinter gir oss meir av denne

Er du glad i den milde vinteren? Prisen er meir av den frykta flåtten og hata brunsnigelen – og det på heilt andre stader enn du kanskje har møtt dei før.

Flått

FRYKTA: Mange er blitt alvorleg sjuke av flåttbit. I fjor vart det meldt om rekordmange tilfelle av flåttsjukdommar.

Foto: NRK

I deler av landet har det vore ein svært fuktig og mild start på året. Fleire stader har det regna meir og vore langt varmare enn kva som er normalt for årstida. Om den milde vinteren held fram, kan det få konsekvensar vi verken likar eller ser rekkevidda av akkurat no.

– Den milde vinteren er godt nytt for flått, hjortelusfluge og brunsniglar, seier zoolog og universitetslektor Petter Bøckmann ved Naturhistorisk museum.

– Dette er insekt og dyr som ikkje toler frost. Held vinteren fram som no, blir det mykje av dei i år, seier Bøckmann.

Petter Bøckmann

EKSPERTEN: universitetslektor Petter Bøckmann ved Naturhistorisk museum varslar om meir flått om den milde vinteren held fram.

Foto: Åse Vartdal / NRK

For dei som fryktar eller som vert sjuke av flåttbit er dette dårleg nytt.

Eksperten fortel at flått og brunsnigel trekkjer stadig lenger nordover ettersom klimaet er blitt mildare på vinteren. Han spår store lokale variasjonar og at desse to artane, som er både frykta og hata, kan dukke opp på stader der ein ikkje har sett dei før.

Sissel fryktar beskjeden

Ein av dei som fryktar beskjeden frå Brøckmann er Sissel Iren Skjerdal i Førde. Ho vart alvorleg sjuk etter eit flåttbit i 2010.

– Dette er høgst urovekkjande å høyre. For oss som likar å ferdast ute i naturen er det skremmande at det kan verte meir flått. Den minste flåtten, nymfene, er så små at dei kan vere utruleg vanskelege å sjå. Dette betyr også at eg må passe endå betre på ungane når vi er ute i naturen, sidan det er svært utfordrande å behandle flåttoverførte sjukdommar om ein først vert smitta.

Sissel Iren Skjerdal.

VART SJUK: Sissel Iren Skjerdal måtte blant anna til Tyskland for å verte frisk etter flåttbitet.

Foto: Privat

Skjerdal vart sjukmeld og måtte sjølv betale for behandling i Noreg og Tyskland. I dag er ho frisk og attende i jobb, men det tok henne fleire år å kome til hektene igjen.

– Det var veldig fortvilande. Ein er vane med å klare seg mest mogeleg sjølv, men brått er du avhengig av hjelp sjølv til den minste ting. Det er trasig, har ho fortalt til NRK tidlegare.

Brunsnegle

HATA: Brunspegelen gjer stor skade blant anna på hageplanter.

Foto: Lars Bilit Hagen / NRK

Insekta svelt i hel

Om redninga kjem for dei som ikkje likar flått eller brunsnigel er høgst usikkert. I haust var ekspertane stort sett samstemte om at heile vinteren vert mildare enn normalt.

Fråværet av minusgrader kan og gje seg andre utslag, skal vi tru Bøckmann.

– Ein del insekt vaknar opp når det vert varmare. Viss dei vaknar opp no og flaksar av garde, så finn dei ikkje maten sin og då går det dårleg. Då vil dei svelte i hel. Det er og ein del planter som er temperaturstyrte. Viss dei blomstrar no og dei insekta som skal pollinere dei ikkje er stått opp av vinterdvalen fordi dei er lysstyrte går det og gale, forklarar han.

Småfuglane vert råka

Insektdød kan også råke småfuglane, som til dømes linerla.

– Den lever av å ete små insekt på våren. Viss dei har stått opp og gjort det dei skal for lenge sidan, ja så er det ikkje mat til linerla. Det kan med andre ord oppstå mange rare og uventa effektar av ein veldig mild vinter eller altfor tidleg vår.

Linerle

KAN SVELTE I HEL: Forsvinn insekta kan linerla miste matfatet sitt.

Det er helst meir sjeldne insekt og planter som er mest utsette.

– Vil berre sjå dei mest kjedelege sommarfuglane

– Risikerer vi å ikkje sjå sommarfuglar til sommaren?

– Vi kjem til å sjå sommarfuglar, men vi kjem til å sjå mest av dei vanlege og litt kjedelege artane. Men nøyaktig kva slags utslag den milde vinteren vil gje, veit vi ikkje enno. Det veit vi først til våren, forklarar Bøckmann.

– Vinteren er ikkje over. Vi kan få februar med minus 20 grader og berrfrost, og då er det ikkje moro å vere flått og brunsnigel, legg han til.