Mikrobryggerirusen er i ferd med å legge seg

Kampen om å overleve er blitt reell for mange mikrobryggeri. – Dei som investerer meir pengar enn dei kan handtere, og ikkje veks så fort som dei hadde tenkt, dei slit.

Kinn Bryggeri

KLARER SEG: Espen Lothe og Kinn Bryggeri såg allereie i 2015 at kampen om kundane hardna til. – Vi byrja å rigge oss litt for det, og har levert positiv utvikling både i 2017 og så langt i 2018, seier Lothe.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det fortel direktør i Bryggeri- og drikkevareforeininga, Petter Nome, og seier at skremmande mange av foreininga sine 130 medlemer slit med å vekse.

– Siste månadane har veldig mange opplevd nedgang. Eg trur det er for mange mikrobryggeri med ambisjonar om å vekse og bli veldig store, seier han.

Så kom nedturen

Petter Nome

AMBISJONAR: Petter Nome trur for mange mikrobryggeri har for store ambisjonar. – Eg trur for mange har for store ambisjonar. Vi er eit ganske lite land, og tal mikrobryggeri er blitt veldig, veldig høgt samanlikna med andre land, seier han.

Foto: Bryggeri- og Drikkevareforeningen

Omsetnaden av lokalprodusert øl har peika oppover i over ti år, men no har den snudd for mange mikrobryggeri.

Stor kamp om hylleplassane og tappekranene er berre ein av fleire årsaker.

– Ein del av dei som har lukkast, er dei som bygt seg opp ein lokal lojalitet, blitt populære og stoltheit i bygda. Du står ovanfor eit problem om du ynskjer nasjonal distribusjon. Det er frykteleg mange der frå før, og kjedene er meir kritiske til kva dei tek inn, seier Nome.

Sterke lokalt

Øystein Meland

HAR TRUA: – Alle vil nok ikkje overleve. Mange har store likskapar i produkta sine, men sidan vi er dei einaste som spesialiserer på lager-øl, eller undergjæra øl, så har vi ein retning som gjer at vi har større sjanse til å overleve enn mange andre, seier styreleiar Øystein Meland i Balder Brygg.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Med eit samla underskot på 3,8 millionar kroner er Balder Brygg på Leikanger blant dei som merkar sviktande sal. Som Nome trur styreleiar Øystein Meland at mange mikrobryggeri vil forsvinne. Han trur likevel at Balder vil klamre seg fast.

Samarbeid med kokkegruppa Flying culinary circus meiner han styrkar omsetnaden, både innanlands og utanlands.

– Omsetnaden aukar lokalt, men utanfor lokalområdet er det vanskelegare å komme inn. Det blir tøffare og tøffare å få plass i butikkhyllene og ein del restaurantar, seier han.

Pris og kvalitet

Voss fellesbryggeri kasta inn handkledet med ei gjeld på 46,2 millionar kroner. Fleire kan det bli.

Nome meiner bryggeria må legge ambisjonane realistisk høgt og trur pris og kvalitet blir stikkord for dei som klarer seg.

– Det blir meir konkurranse på pris, og du må produsere kvalitet. Det nyttar ikkje å komme med øl, som er kjempedyrt og nesten like godt som noko rimelegare. Du må vere best på det aller meste, seier han og nemner marknadsføring, distribusjon, image og design.

Ulike erfaringar

Espen Lothe, Kinn bryggeri.

HAR LUKKAST: Kinn bryggeri i Florø merkar spesielt at kampen om kundane i daglegvarebutikkane hardnar til.

Foto: Birger Meland / NRK

Ifølgje purehelp.no har ikkje alle bryggeri raude tal. I Florø gjekk Kinn Bryggeri med 1,4 millionar i pluss i fjor. Ægir i Aurland gjekk med 2,6 millionar i underskot, medan Tya i Årdal gjekk 1,6 millionar kroner i minus.

I Grimstad fall overskotet til Nøgne Ø frå 11,2 millionar til ein halv million siste tre åra. Drammensbaserte Haandbryggeriet snudde to år med minus, til to millionar pluss i 2018.

– Vi har hatt nokre svære konkursar i det siste, og det er bryggeri som har investert fleire titals millionar og ikkje klart å vakse fort nok til å handtere gjelda, seier Nome.

Under hardt press

Erfaringane frå andre land er at omsetnaden vil gå opp att, men då truleg med færre aktørar på marknaden.

Nome seier arbeidsplassane i bransjen er under hardt press.

– Småbryggeria står for fire prosent av volumet, men 25 prosent av arbeidsplassane i bryggerinæringa. Vi veit også at det er hundretals dugnadsårsverk kring om. Det betyr at ein god del av arbeidsplassane som er skapte, er under hardt press, seier han.