Prestekollegaer og teologar støttar sokneprest Mikael Bruun i Sogndal, etter at han sa at han ikkje kan ha nattverd og gudsteneste med kvinnelege kollegaer.
– Den som ber den største byrda på ein slik korsveg er Mikael Bruun, ikkje kvinnene. Og når han samstundes står fram med dette i vår tid, og får så hatten passar i sosiale medium og lokalsamfunnet, så tenker eg at han er den svake parten i dette, seier Dag Øivind Østereng.
I Den katolske kyrkja, som er det største trussamfunnet i verda, kan berre menn bli prestar.
– Katolikkar er mykje meir innstilte på at kyrkja forvaltar denne læra – og praksisen. Dermed får ein ikkje dei ulike rørslene der kvar mann og kvinne i Den katolske kyrkja skal tolke skrifta etter sitt eige hovude, seier Østereng.
MINDRE DISKUSJON: Dag Øivind Østereng slutta som prest i Den norske kyrkja i protest og vart katolikk. Han seier det er mindre diskusjon om kvinnelege prestar i Den katolske kyrkja.
Foto: PrivatMøter motstand
– Han fortener støtte. Han skal vite at han ikkje er aleine, seier sokneprest i Sandviken kyrkjelyd i Bergen, Sverre Langeland.
VISER STØTTE: Sverre Langeland er sokneprest i Sandviken i Bergen. Han seier det er fleire som tenker på og ber for Mikael Bruun i desse dagar.
Foto: PrivatHan legg til:
– Vi er mange som tenker på han, ber for han og står saman med han i denne tida.
NRK har snakka med fleire prestar som deler Bruun sitt syn. Dei ønsker ikkje stå fram, og viser til kor belastande det er både for dei sjølve og familien.
Andre ønsker å vise støtte.
– Eg synest han er ein modig maur. Han skal ha all honnør, seier Jan Bygstad.
LIKNANDE ERFARING: Jan Bygstad seier han har opplevd det same som Mikael Bruun for 25 år sidan. Han er prest og nyvald leiar i foreininga For Bibel og Bekjennelse.
Foto: PrivatBygstad er prest i Det evangelisk-lutherske kirkesamfunn (DELK) og nyvald leiar i foreininga For Bibel og Bekjennelse.
Han har tidlegare jobba i Den norske kyrkja og seier han kjenner seg igjen i reaksjonane som Mikael Bruun har fått dei siste dagane.
– For 25 år sidan var eg sjølv i ein liknande situasjon, der det vart foreldreaksjon for å få meg avsett som konfirmantprest.
Også sokneprest i Luster, Vidar Nes Mygland, seier til Sogn Avis at han støttar Bruun.
– Eg er av same oppfatning som Bruun, og har tydeliggjort overfor prosten at eg ikkje vil ha liturgisk fellesskap med kvinner.
STØTTAR BRUUN: Vidar Nes Mygland, sokneprest i Luster, ønsker ikkje liturgisk fellesskap med kvinner.
Foto: Aleksander Åsnes / NRKEit klart mindretal
Mikael Bruun har sagt at han er bekymra for at det i framtida kan oppstå avskjedssaker mot prestar med hans syn.
Av rundt 1200 aktive prestar i Den norske kyrkja, er det maksimalt 20–30 prestar som har det same teologiske grunnsynet som Bruun.
Det hevdar fleire av prestane NRK har snakka med.
Vidare blir det hevda at rundt halvparten av desse lar det få praktiske konsekvensar, altså at ein vik unna, om det skulle bli aktuelt å ha nattverd eller gudsteneste med ein kvinneleg kollega.
– Slik som køyrereglane har fungert hittil i Den norske kyrkja, så er det som ei vikeplikt i trafikken i bestemte samanhengar. Dei mannlege prestane har hatt rett til å trekke seg tilbake og seie at når det går mot kollisjon, er det vi som trekk oss, seier Bygstad.
Etter planen skal kvinneprestmotstand og ordinasjonsnekt drøftast på Bispemøtet i Trondheim i oktober.