Midt på natta klarte Tore å fange desse fargane på nattehimmelen

Den mørke nattehimmelen gøymer fantastiske hemmelegheitar for dei som veit å finna dei. For å fange dette biletet måtte fotografen vekk frå tettstad og hus.

Oriontåka frå Haukåsen, Sogndal

FARGERIKT: Oriontåka er eit vakkert skue på himmelen

Foto: Tore Friele Lie

– Eg har alltid vore veldig fascinert av stjernehimmelen, og av kva som skjuler seg der, seier Tore Friele Lie.

Dei sprakande fargane av lilla og blått som du ser i biletet over er nemleg skjult for auga til oss menneske.

Berre ved hjelp av dyrt fotoutstyr og svært god tolmodgiheit syner fargane seg i all sin prakt.

Eit stykke utanfor Sogndal klarte Friele Lie å fange det.

Fenomenet har fått namnet Oriontåka, og er eigentleg gassar og støv som held på å danne stjerner 1300 lysår unna.

Så lenge det er mørkt rundt deg, kan du ha gode sjansar for å fange tåka på bilete.

– Eg reiste ut til området rundt flyplassen på Haukåsen for å kome unna lysforureininga frå Sogndal. Og så er det berre å bruke lange lukkertider, seier Friele Lie.

Ved å eksponere biletet i rundt fem sekund kan du klare å fange nokre av fargane frå Oriontåka, men skal du klare å få eit like fint bilete som fotografen i Sogndal bør du ha utstyr som motverkar rørslene som kjem av at jorda går rundt. Då kan du bruke lukkertider på mange minutt, og få med alle nyansane i fargespelet.

– Det er ganske enkelt å finne Oriontåka dersom du først finn dei tre stjernene i orions belte, seier Friele Lie.

Det var Porten som først omtalte saka.

Tore Friele Lie

FOTOGRAF: Tore Friele Lie har vore interessert i fotografi lenge, og i stjernefoto sidan han gjekk på folkehøgskule i Alta.

Foto: privat

Astronom: Må ut på landet for å sjå Oriontåka

Astronom Erik Sundheim er imponert når han får sjå biletet til fotograf Tore Friele Lie.

Han bur sjølv i Oslo, og seier at han ikkje vil klare å ta eit like godt bilete derifrå, på grunn av alle lysa frå byen.

– Han har verkeleg klart å få fram fargane i Oriontåka, og du ser også tydeleg konturane av støv. Om vi kunne ha reist dit no ville det ikkje ha sett slik ut, for det vi ser på himmelen skjedde for 1300 år sidan, seier astronomen.