Hopp til innhold

Mette kjempa seg til heiltidsjobb

Nesten 40 prosent av alle kvinner i Norge arbeider deltid – mange av dei ufrivillig. Mette Rysjedal i Fjaler nekta å godta ei 80 prosent stilling og vann fram.

Mette Rysjedal

NEKTA: Mette Rysjedal nekta flytte heim til Sogn og Fjordane dersom ho ikkje fekk ein fulltidsjobb. Til slutt vann ho fram.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

- Ein er nøydd til å kjempe for seg sjølv, seier Rysjedal til NRK på kvinnedagen 8. mars.

Mange arbeider ufrivillig deltid

Sjølv om det lenge har vore eit mål for både politikarar og fagforeiningar å bli kvitt ufrivillig deltid, er det framleis eit problem.

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at nesten 40 prosent av kvinner arbeider deltid, medan talet for menn er nær 15 prosent.

Tala viser vidare at det er i typiske kvinneyrke innan helse, utdanning og reinhald som har flest deltidstillingar

Mange kvinner arbeider frivillig i reduserte stillingar, men statistikken viser at fleire tusen kvinner ønskjer å jobbe i full stilling, men må ta til takke med deltidsstilling.

Det kunne ha blitt resultatet for Mette Rysjedal i Fjaler også, men ho nekta å bli ein del av den statistikken.

LES OGSÅ:

Fekk tilbod om 80 prosent stilling

Då ho for nokre år sidan ville flytte heim til Sogn og Fjordane frå Oslo, vart ho tilbydd ei 80 prosent stilling som biblioteksjef i Fjaler kommune.

- Eg har ikkje lyst på noko deltidsstilling. Eg har utdanna meg og vil ha ein jobb i 100 prosent, seier Rysjedal.

Ho er opphavleg frå Hyllestad, og arbeider no i Fjaler. Men då dei tilbydde berre 80 prosent stilling ville Rysjedal først ikkje søke.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mette Rysjedal

FEKK FULL STILLING: Mette Rysjedal fekk til slutt 100 prosent stilling som bibliotekssjef i Fjaler kommune.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Ville ikkje godta noko anna enn full jobb

- Eg vart irritert, spesielt fordi det er vanleg i mindre kommunar at stillinga som biblioteksjef ikkje er ei full stilling. Først ville eg ikkje søke, seier Rysjedal to år etter.

Men den då 32 år gamle kvinna gav seg ikkje og tok saka i eigne hender. Eit lesarinnlegg resulterte i store avisoppslag.

Mette Rysjedal meiner deltidsstillingar er det største hinderet Sogn og Fjordane har for tilbakeflytting.

- Folk vert utnytta

- For meg ordna det seg ved at kommunen tok ansvar og fylte opp stillinga til 100 prosent, seier Rysjedal.

Men for mange er kvardagen annleis. Dei må jobbe knallhardt for å sikre seg ei 20 prosent stilling her, og ei 30 prosent stilling der. Rysjedal meiner dette er ein uting.

- Dette vitnar om at arbeidsgjevarane ikkje er bevisst rolla si. Mange utnyttar folk og det behovet folk har for å få klingande mynt i kassa til å betale rekningane sine, seier Rysjedal.

- Ei utfordring og eit problem

Tre etasjar over arbeidsplassen hennar på biblioteket i Dale, sit ordføraren i Fjaler, Arve Helle. Han vedgår at tilsetjinga av Rysjedal vart ein vekkar.

- I forhold til problematikken med heile stillingar, er det klart at dette vart ein vekkar. Spesielt i forhold til å få høgt utdanna kvinner tilbake til kommunen, seier Helle til NRK.

Han torer ikkje garantere at ikkje kommunen har svin på skogen.

- Dette er ei utfordring, og eit problem. Vi må innsjå at mange vil ha heile stillingar, og dei som vil ha det må få det viss vi skal klare å rekruttere dei, seier Helle.

- Ingen vil flytte heim til ei deltidsstilling

NRK tok seg ein tur til Fjaler sjukeheim. Der er det mange som har deltidsstillingar. Den minste stillingsheimelen vart nyleg oppjustert frå ni til elleve prosent frå NRK sin reporter opplyst.

Men hovudtillitsvald for Fagforbundet, Kjellrun Myklebust, meiner likevel at kommunen gjer så godt dei kan.

- Tenesteleiarane, personalsjefen og fleire til er flinke med å hjelpe oss med å få større stillingar. Men det er ikkje enkelt når ein samtidig skal gjere kutt, seier Myklebust.

Ho er likevel klar på at det er viktig at dette er ei problemstilling det er viktig å ha fokus på.

- Eg trur ikkje ungdomen vil flytte heim og byrje arbeide i slike yrker i mindre stillingar. Det gjer dei ikkje, det er nøydde å ha noko å leve av, seier Myklebust.

- Stå på krava

Mette Rysjedal har også ei klar oppmoding til sine medsøstrer på kvinnedagen.

- Ein er nøydd å kjempe for seg sjølv. Ein må ha trur på det ein står for og den utdanninga ein har, og stå på krava ein har som menneske.