Ei som garantert vil bade i helga er Wenche Hermansen frå Florø.
For dama som badar heile året finst det ikkje noko som ikkje er badevêr. Ho oppmodar alle til å bade, sjølv om vêret ikkje er det beste.
– Fordelen med å bade i kaldt vatn er at eg blir opplagt. Folk burde berre hoppe i det, seier Hermansen.
Badevêr i sør
Kaldt vert det kanskje ikkje akkurat i vatnet komande helg. På Austlandet, Sørlandet og Vestlandet vil lufttemperaturane liggje på mellom 20–25 grader.
Det vil bli sol og opphald, men det kan koma regn sørover i landet. Det vil bli spreidd regn på Vestlandet, og lengst nord i Trøndelag.
– Det vil bli finast badevêr på fredag, men det kan vere lurt å ta med seg paraply, seier vakthavande meteorolog Iselin Skjervagen.
Best på fredag
På laurdag vil det bli nedbør sør i Noreg. Mest regn kjem det på Austlandet. Det vil også regne på søndagen, men det vil sannsynlegvis minke utover kvelden.
Temperaturane vil også bli lågare på laurdag og søndag, på Aust- og Sørlandet vil dei ligge under 20 grader. På Vestlandet vil temperaturane liggje på rundt 15. Kaldast blir det i Trøndelag, der temperaturane vil liggje rundt 12 grader.
– Det er berre å utnytte det badevêret som kjem på fredag, seier Skjervagen.
Grått i nord
Det er Nord-Noreg som får den gråaste helga. Det kjem fleire periodar med regn i løpet av helga.
– Folk må førebu seg på at det kjem regn alle dagane, seier Skjervagen.
Temperaturane blir heller ikkje noko å juble over. Dei kan koma ned i einsifra tal, og vil liggje mellom 8–9 grader i landsdelen. Fredag føremiddag og kveld er det fare for torevêr med mykje lyn. Det vil vere store lokale skilnader i intensitet. Nokre stader vil ikkje få torevêr.
Badaren sitt beste råd
Men for heilårsbadaren i Florø betyr einsifra lufttemperaturar lite.
Hermansen fortel at dette er hennar tips til korleis du kan takle kaldare temperaturar.
– Det følest kanskje iskaldt, men la kroppen bli vant til temperaturen. Det er kjekkare å bade i kaldt vatn, det gir ein eigen godfølelse.