– Det blir ein vinterleg vertype i heile landet gjennom helga. Det har kome kaldare luft frå nord som dekkjer store delar av Noreg, seier statsmeteorolog Eldbjørg Moksnes.
– Det fører til at den nedbøren som kjem framover, vil kome som snø mange stader. Torsdag er det særleg nord for Stad at vi vil få snøbyer, men frå fredag og inn i helga vil det skje også lenger sør, seier Moksnes.
Snøvêret gjer mellom anna at det er sendt ut gult farevarsel om fokksnø på fleire fjellovergangar i nordlege delar av Sør-Noreg.
Aukande skredfare
Også skredfaren tek seg opp fredag. Mange stader er det meldt om oransje farenivå, det vil seie 3 av 5. Det har samanhengen med nysnøen som kjem, og gjeld difor frå Sunnmøre og nordover.
Fredag vil snøgrensa i Trøndelag og Møre og Romsdal vere på rundt tre hundre meter, og utover helga vil det same gjere seg gjeldande også i Vestland fylke og i Rogaland.
Roar seg på søndag
På Austlandet vil det vere opplett heile helga, men også der vil det vere kaldare enn det har vore dei siste vekene.
– Dei stadene det framleis er litt snø, kan det bli fine vinterforhold på Austlandet. Og også på Vestlandet og i Nord-Noreg vil nedbøren roe seg utover søndag, og det kan bli finare der, seier Moksnes.
Det er altså ikkje skikkeleg vår i vêret endå, sjølv om det er mindre snø enn det som er vanleg dei fleste stader.