Hopp til innhold

Meteorologen: – No blir det vinterleg i heile landet

Etter fleire uvanleg milde februarveker og lite snø, kan meteorologen melde at vinteren no er på veg tilbake i store delar av landet, I alle fall litt.

– Det blir ein vinterleg vertype i heile landet gjennom helga. Det har kome kaldare luft frå nord som dekkjer store delar av Noreg, seier statsmeteorolog Eldbjørg Moksnes.

– Det fører til at den nedbøren som kjem framover, vil kome som snø mange stader. Torsdag er det særleg nord for Stad at vi vil få snøbyer, men frå fredag og inn i helga vil det skje også lenger sør, seier Moksnes.

Snøvêret gjer mellom anna at det er sendt ut gult farevarsel om fokksnø på fleire fjellovergangar i nordlege delar av Sør-Noreg.

Aukande skredfare

Også skredfaren tek seg opp fredag. Mange stader er det meldt om oransje farenivå, det vil seie 3 av 5. Det har samanhengen med nysnøen som kjem, og gjeld difor frå Sunnmøre og nordover.

Fredag vil snøgrensa i Trøndelag og Møre og Romsdal vere på rundt tre hundre meter, og utover helga vil det same gjere seg gjeldande også i Vestland fylke og i Rogaland.

Kald vinter i Sogn og Fjordane

KALDARE: Det er meldt betydeleg kaldare ver dei neste dagane, enn det har vore dei siste vekene.

Foto: Arne Stubhaug

Roar seg på søndag

På Austlandet vil det vere opplett heile helga, men også der vil det vere kaldare enn det har vore dei siste vekene.

– Dei stadene det framleis er litt snø, kan det bli fine vinterforhold på Austlandet. Og også på Vestlandet og i Nord-Noreg vil nedbøren roe seg utover søndag, og det kan bli finare der, seier Moksnes.

Det er altså ikkje skikkeleg vår i vêret endå, sjølv om det er mindre snø enn det som er vanleg dei fleste stader.

Kaldt
Foto: Rune Nordgård Andreassen / NRK