Trass i regn og ein grå start på veka, lovar vêrmeldingar frå heile landet sol og temperaturar opp mot 20 grader i første halvdel av september.
– Mange tenker at sommaren er over, men det er ikkje haust heilt enno, seier vakthavande meteorolog, Geir Ottar Fagerlid ved Meteorologisk institutt.
Høgst temperatur i Sør-Noreg
Alle landsdelane i Noreg vil få nyte av finvêret, men Sørlandet ser ut til å bli temperaturvinnaren med over 25 grader.
På Aust-, og Vestlandet vil temperaturane halde seg kring 20 grader. Lenger nord vil det vere noko kaldare.
Likevel vil september vere fin i heile landet, seier Fagerlid.
– Det er meldt godt vêr i første halvdel av månaden. Det vil vere mange dagar med fine temperaturar og ein del sol, seier han.
Farevarsel på vestlandet
Før finvêret slår inn, er det derimot venta mykje nedbør frå måndag ettermiddag til tysdag morgon.
Måndag har Meteorologisk institutt sendt ut gult farevarsel for regn og jordskred i delar av Austlandet, Vestlandet og Møre og Romsdal.
Lokalt kan det kome så mykje som 60 millimeter nedbør på 12 timar.
Det er òg sendt ut oransje farevarsel for flaum ved Mjøsa, Vorma og delar av Drammensvassdraget.
Glimt av nordlys
Ifølgje gruppa Værbitt på Facebook vart haustens første nordlys registrert i Nord-Noreg på søndag.
Meteorologen trur det kan vere ei stund til dei får sjansen igjen.
– Det er meldt gode temperaturar, men det vil likevel vere ein del skyer innimellom, seier han.