Hopp til innhold

I januar var det storm i 26 av 31 dagar

Starten på året har vore både mild, våt og vindfull. Det er likevel ikkje sikkert at det blir meir stormfullt i framtida, seier klimaforskar.

d8W44W903ww

UVÊR: Høge bølger ved Kvalen fyr ved innseglinga til Haugesund.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Det er ingen tvil om at januar var av det vindfulle slaget.

– Vi har faktisk hatt storm i Noreg i 26 av 31 dagar i januar, seier meteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Det betyr at det har blåst liten storm (frå 20,8 m/s) eller meir i store delar av starten på 2022.

Du hugsar kanskje ekstremvêret «Gyda»? Eller den stormfulle helga der folk blei oppmoda til å halde seg inne? Sjølv om vi har høyrt om mykje uvêr og farevarsel den siste tida, så er det ikkje sikkert det blir meir stormfullt i framtida.

Det blir ofte sagt varmare, våtare og villare, men det er ikkje så mykje belegg for å seie villare. Vindhastigheit og styrke på stormar har ikkje auka beviseleg, seier klimaforskar Erik Kolstad ved Norce og Bjerknessenteret.

Erik Kolstad

KLIMA: Klimaforskar Erik Kolstad seier det er vanskeleg å sjå om det blir meir stormfullt i framtida.

Foto: Andreas R. Graven / Pressebilde

Meir regn

Det er langt frå enkelt å sjå om vi kan vente oss fleire stormfulle dagar i framtida.

– Vi er litt usikre på om det blir fleire eller færre stormar framover. Det er veldig vanskeleg å seie, seier Kolstad.

For klimaforskaren er det enklare å slå fast dette: temperaturen stig og vi får meir nedbør i Noreg.

– Dette har med auke i utslepp og auke av CO₂ i atmosfæren, for då må temperaturen opp. Når temperaturen stig, så får vi meir nedbør fordi varm luft kan halde på meir fukt enn kald luft.

Meir regn kan du uansett vente deg.

– Inntil vidare må vi tenke at det ikkje blir noko endring i stormane, men at det regnar meir når det først regnar.

Hwyw6I66VVU

VÅTT OG GRÅTT: Lågtrykk frå vest gjer at store delar av januar har regna vekk i vest.

Foto: Erik Johansen / NTB

Rekord-januar

Synest du paraplyen blei brukt vel mykje i januar? Det viser igjen når vêret for januar blir samanfatta. I januar vart det både regn- og mildvêrsrekordar.

– Mange rekordar og store kontrastar summerer januarvêret bra, seier klimaforskar Jostein Mamen ved Meteorologisk institutt.

Med heile 32 rekordar for døgnnedbør blei truleg støvlar og paraply flittig brukte fleire stadar.

For heile landet under eitt kom det 45 prosent meir nedbør enn normalt i januar. Årsaka er hyppige lågtrykk frå vest.

Men det var ikkje like vått og grått alle stadar. Ved fem stasjonar i Viken blei det målt rekordlite nedbør for januar. Lågtrykka frå vest gjer at Austlandet ligg i le. I Mjøndalen fekk dei 7,4 millimeter med regn, noko som var 86 prosent mindre enn normalt.

Les også 32 nedbørsrekordar

Gyda-130122-Batnfjorden003

Her målte dei høgste temperatur

Sunndalsøra i Møre og Romsdal kan notere seg for høgste temperatur i januar. 24. januar blei det målt 13,6 grader. På motsett ende av temperaturmålaren finn vi Kautokeino i Finnmark, der det 8. januar blei målt -35,8 grader.

I Noreg var temperaturen 1,7 grader over snittemperaturen dei siste 30 åra.

Meir vått og mildt skal det bli, for klimaforskaren ser ein klar trend.

Trenden vi ser er at det går lengre tid mellom dei gode, gamaldagse vintrane, og at milde og nedbørrike vintrar kjem hyppigare, seier Mamen.