Hopp til innhold

Mesta skal stå for vegvedlikehaldet i indre Sunnfjord

Statens vegvesen Region vest og Mesta AS har signert kontrakt for drift og vedlikehald av vegane i indre Sunnfjord for 2015–2020.

Signerte femårskontrakt

I BOKS: F.v. regiondirektør i Mesta, Kjell Næss og avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Kjartan Hove, signerte kontrakta torsdag.

Foto: Vegard Bondevik Lie / Statens vegvesen

Mesta får vel 174 millionar kroner for å passe på at vegane i indre Sunnfjord dei neste fem åra er trygge og godt køyrbare til ei kvar tid, heiter det i ei pressemelding.

Opedal Drift har driftskontrakten i dag. Mesta sitt anbod låg om lag 4,5 millionar under næraste konkurrent.

– Vi har hatt kontrakten før, og det betyr mykje for oss å få den tilbake, sa distriktssjef Dagfinn Brotnow tidlegare i vinter.

Regiondirektør i Mesta, Kjell Næss og avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Kjartan Hove stod for signeringa av kontrakten.