Hopp til innhold

Merksemda rundt prisen er viktigast

Heider og ære og prispengar på 250.000 kroner er både vel og bra, meiner Torstein Hønsi. Men skulle han bli kåra til Årets gründer er merksemda rundt prisutdelinga kanskje det aller viktigaste.

Torstein Hønsi viser fram programmet

DETTE HAR BLITT EIT EVENTYR: Behovet for ei dataprogram for å vise snømengda på Vikafjellet har blitt til eit millioneventyr for Torstein Hønsi.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Det aller viktigaste for oss er å få omtale i den lokale arbeidsmarknaden slik at vi kan rekruttere talentfulle utviklarar lokalt.

Det seier vikjen som står bak selskapet Highsoft Solution. Den vesle bedrifta er ein av tre nominerte til prisen Årets gründer som blir delt ut av Innovasjon Noreg. Her kjempar dei mot Beck Engineering frå Oslo og West Drilling Products frå Rogaland.

For berre nokre år tilbake hadde Torstein Hønsi aldri trudd at han skulle nå så langt.

Starta som ein hobby...

Eventyret til den ivrige gründeren starta i 2000, då han sette opp ein snømålar på Vikafjellet. Hønsi ønskte presentere vêrdata på si eiga nettside, og dermed starta utviklinga av eit dataprogram som kan vise data grafisk.

Bedrifta hans Highsoft Solution AS har utvikla programma Highcharts og Highstock, programvaretenester som brukast for å vise grafar og diagram på ei nettside, eit dashboard eller i ein webapplikasjon.

– Det starta som ein hobby, og det at det kunne bli ei forretning og ei bedrift, det var noko som demra etter kvart når eg såg at det var folk som var villige til å betale for det eg gjorde, fortel Hønsi.

På få år vart hobbyen for alvor forretning, i 2011 selde selskapet lisensar for 12 millionar kroner, året etter hadde det auka til 22 millionar. Kundane er spreidd over heile verda, og blant dei som nyttar seg av dataprogramma er BBC og Facebook.

(Artikkelen held fram under videoen)

Ein snømålar på Vikafjellet var utspringet til det som i dag er ei million-verksemd i Vik. I dag har verksemda Highsoft Solutions fleire av dei største selskapa i verda på kundelista si.

SUKSESS: På få år har bedrifta til Torstein Hønsi vakse seg til ein stor suksess. No kan han skilte med kundar over heile verda.

Kjenner seg allereie som ein vinnar

I fjor vann Torstein Hønsi og Highsoft Solution kåra til Årets gründer i Sogn og Fjordane og vann 100.000 kroner. No er han blant tre nominerte til Innovasjon Noreg sin pris for Årets gründer.

– Dette er ei kjempeflott stadfesting på at det vi har gjort så langt er rett. Det å bli nominert blant dei tre beste gründerane i landet… Det er kjempekjekt, seier Hønsi og har nesten vanskar med å setje ord på kor stor det er.

Direktør Halvor Flatland i Innovasjon Norge Sogn og Fjordane meiner dei nominerte er vinnarar allereie. Den kjensla kjenner også vikjen på.

– Som Halvor seier, vi er komne på pallplass i NM i nyskaping. Om vi er på første, andre eller tredje plass, det har eigentleg ikkje så mykje å seie, seier han til NRK.no.

Er i USA for å lære meir

Akkurat no er Hønsi i USA saman med Innovasjon Noreg. Han er med på eit program som heiter TINC, det står for Tech INCubator og er eit tilbod som blir gitt til ti nystarta teknologibedrifter i Norge.

– Tanken er at dei mest lovande nystarta bedriftene frå Norge skal bli introduserte for eit miljø i USA, og at ein skal bruke Innovasjon Noreg sitt nettverk for å førebu oss på ein global ekspansjon, forklarar Hønsi.

Han seier vekene i USA er ein kjempestor moglegheit for å ta bedrifta eit steg vidare.

– I dag har vi allereie 44 prosent av inntektene våre frå USA. Men i og med at vi får kome her, snakke med alle dei ressurssterke kontaktane som Innovasjon Noreg sitt nettverk består av, så lærer vi utruleg mykje, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Torstein Hønsi

STOLT: Torstein Hønsi er stolt over det han og dei andre tilsette i Highsoft Solution i Vik har fått til.

Foto: Birger Meland / NRK

«Kremen av norsk næringsliv»

I slutten av mai blir vinnaren av Innovasjon sine prisar til årets gründer, årets bedrift, årets innovasjonsmiljø og årets verdiskapar avslørt på Signalkonferansen.

Administrerande direktør i Innovasjon Noreg, Gunn Ovesen, kallar finalistane «kremen av norsk næringsliv» og vedgår at det ikkje har vore lett å plukke ut dei tre i kvar klasse.

Viktigast å nå fram til potensiell arbeidskraft

Hønsi gler seg stort. Både heider og ære og prispengar på 250.000 kroner vil kome godt med, men det at fleire får auga opp for det dei driv med er det viktigaste.

– Den største utfordringa vår er at vi treng ein heilt spesifikk type arbeidskraft, som det ikkje finst så mykje av. Vi må basere oss på tilflyttande programutviklarar, seier han.

Og det har ikkje berre vore enkelt å rekruttere denne arbeidsplassar til det som framleis er ei lita bedrift i ein liten sognekommune.

Men det nyttar med merksemd, det fekk dei erfare etter at dei vart tildelt prisen for Årets gründer i Sogn og Fjordane i november.

– Det gav direkte resultat med at vi fekk tak i ein talentfull utviklar frå Bremanger som skal byrje jobbe hos oss, seier Hønsi.

Motegründerane i Moods of Norway frå Stryn er også nominerte til ein pris frå Innovasjon Noreg. Dei er ein av tre finalistar i klassen Årets bedrift.