Hopp til innhold

Merkar lite til Terra-tap

Innbyggarane i Terra-kommunane merkar lite til finanskandalen. Det seier rådmenn og ordførarar i alle dei åtte kommunane.

Terra Securities

ETTERVERKNADENE: NRK har kartlagt følgjene av Terra-saka.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Tre av kommunane er alt ferdige med gjelda etter finansskandalen.

Bremanger tapte mest, men store kraftinntekter gjer at kommunen verken har innført eigedomskatt eller lagt ned grendeskular. Folk flest har ikkje merka fyøgjene av store feilslåtte investeringar.

– Har god økonomi

– Sanninga er at i utgangspunktet har Bremanger god økonomi. Det betyr at vi har klart å justere ned drifta vår utan at det har gått på kostnad at kvaliteten på dei tenestene vi leverer, seier rådmann Tom Joensen i Bremanger.

Han meiner det har gått langt betre enn frykta etter Terra-skandalen.

Tapte 234 millionar

Den verst råka Terra-kommunen tapte 234 millionar kroner, men så langt har Bremanger til dømes greidd seg utan eigedomskatt. Ein skatt nær 300 kommunar her til lands har innført. Heller ikkje nokon av dei mange grendeskulane i kommunen er lagde ned.

– Bremanger kommune er ein kraftkommune, så enkelt er det. Det betyr at vi har meir frie inntekter enn dei fleste andre som vi kan samanllikne oss med. Det var nettopp derfor at Terra Securities sette sine augne i Bremanger, seier Joensen.

Tom Joensen

BERGA AV KRAFTA: Bremanger-rådmann Tom Joensen har unngått dei verste kutta i kjølvatnet av Terra-saka.

Foto: Steinar Lote / NRK

På eldrekafeen i Svelgen seier folk dei ikkje har merka så mykje til dei voldsomme tapa.

– Eg har ikkje merka noko personleg, seier ein eldre kar.

– Akkurat eg merkar ikkje noko, slik det er ei dag, seier ei kvinne.

Må utsetje investeringar

NRK har snakka med ordførarar og rådmenn i alle dei åtte Terra-kommunane. Kvinesdal, Rana og Haugesund er i ferd med å gjere seg ferdige med den økonomiske sida av saka. Felles for desse er at tapa ikkje har råka tenestetilbodet, men gått utover nye investeringar.

Men i andre kommunar er stoda annleis, men ikkje like mørk som mange hadde frykta.

– 20-25 årsverk må vi i alle fall prøve å få ein ein heilårseffekt av, seier ordførar Kjell Idar Juvik i Hemnes.

Han og rådmann Arne Sørensen ser på kor mange årsverk som må kuttast neste år. Så langt har dei greidd å unngå eigedomskatt og skulenedlegging men til neste år kan tiltaka kome.

Men også dei prøvar å skjerme innbyggarane. Folk på gata seier dei har merka lite.

– Eg har ikkje merka noko til at det er ein Terra-kommune. Vi har det veldig bra, seier ei kvinne på gata i Hemnes.

Karen Margrethe Kuvaas

STRAMT: Ordførar Karen-Margrethe Kuvaas i Narvik meiner kommunen har komme seg betre gjennom Terra-saka, enn kva ein frykta.

Foto: Mona Gingstad

– Det er berre i media ein les om det. Ein får sjå i Rana Blad at det er litt småkriging i kommunen, seier ein annan.

Måtte ta gatelysa

I Narvik tapte komunen 200 millionar kroner. Likevel reknar dei med å vere ferdig med avskrivingane eitt år tidlegare enn planlagt, Kutta har kosta, eigedomskatt er innført og gatelysa slått av. Men trass i at det ser betre ut enn frykta seier ordførar Karen-Margrethe Kuvaas at dei balanserer på ei stam line.

– Mellom anna vil statlege overføringar ha ein stor innverknad. seier Kuvaas.

I Hattfjelldal derimot går det tyngre. Kommunen med 1500 innbyggjarar må spare vel 100 millionar kroner. Ordførar Asgeir Almås trur ikkje dei vil greie kutta dei neste åra og har bedt Fylkesmannen om hjelp.

– Vi er avhengige av ekstra skjønsmidlar. Det har vi fått, men vi veit jo ikkje i kor lang tid vi vil få det.

Asgeir Almås

TRENG PENGAR: Ordførar Asgeir Almås i vesle Hattfjelldal må framleis spare 100 millionar.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Berre ein grendeskule har blitt lagt ned i kjølvatnet av Terra. Hemnes vurderer å gjere det same neste år. Til samanlikning har 150 grendeskular blitt lagt ned elles i landet dei siste tre åra.

Smertefullt i Vik

Rådmann Oddbjørn Ese meiner i alle fall Vik har merka skandalen på kroppen.

– Det er ein veldig lei situasjon å komme opp i. Eg kan nemne innføring av eigedomsskatt på bustader og fritidshus, vi har redusert bemanninga i administrasjonen ganske monaleg, og blant anna har vi måtte sjå på skulestrukturen, seier Ese.

Og om befolkninga merkar lite har dei tilsette i fleire av kommunane hatt det tøft. I rådhuset i Vik ser rådmann Oddbjørn Ese på statistikk som viser at Vik og Bremanger har gått frå minst til mest sjukefråver i Sogn og Fjordane dei siste åra. Vik er også den einaste Terra - kommunen som har lagt ned ein grendeskule

Kåre Olav Svarstad, ordførar i Bremanger

SER FRAMOVER: Bremanger vil vere ein svært halden kommune - den dagen gjelda er betalt, konstaterer ordførar Kåre Olav Svarstad.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Så trass i at tapa til Vik vart mindre enn i Bremanger, har kutta smerta meir.

Har god råd - om nokre år...

Ordførar i Bremanger Kåre Olav Svarstad veit at om det ikkje hadde vore for skjønsmidlar frå staten og lang avskrivinstid på tapa ville også Bremanger vore bankerott. Om nokre år når tapa er nedbetalt trur han kommunen vil stå sterkare enn nokon gong.

– Det er det ikkje tvil om. Den dagen vi er ferdige med nedbetalingsplanen vår, vil økonomien i Bremanger vere kjempegod, seier ordførar Kåre Olav Svarstad (Ap).