Hopp til innhold

Merete fekk eit brutalt møte med overgangs­alderen: – Eg trudde arbeidslivet var over

Nytt forskingsprosjekt meiner det er sjokkerande lite kunnskap om ein fase alle kvinner må gjennom. Meiner sjukefråværet kan reduserast med enkle grep.

Overgangsalder, Alrek

OVERGANGSALDER: Merete Allertsen opplever store problem med overgangsalderen.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

Alle kvinner må gjennom den.

Ein tredel merker det knapt. For ein tredel betyr overgangsalderen store plagar.

Merete Allertsen er i den siste gruppa.

– Det var ein multikrasj i hovudet. Eg var søvnlaus, hadde ikkje kapasitet til å klare noko, alt var i ei tåke.

Allertsen seier ho ikkje forstod kva som var gale med henne. Forskaren i Norce i Bergen frykta det var noko alvorleg.

– Du blir jo utruleg redd. Eg lurte på om dette var byrjinga på slutten av yrkeskarrieren mi, seier ho.

– Framleis tabu

På eit kontor ikkje langt frå Allertsen sin arbeidsstad sit Silje Mæland.

Ho er sentral i eit nystarta forskingsprosjekt som skal sjå nettopp på overgangsalderen. Og korleis samfunnet handterer den.

– Vi ser at mange kvinner i denne alderen vert sjukemeldt med uspesifiserte plager, og trur det ofte er relatert til overgangsalderen, seier ho.

Mæland er professor ved institutt for global helse og samfunnsmedisin på Universitetet i Bergen.

Det er dei som står bak det nye prosjektet, med økonomisk støtte frå Grieg Foundation.

– Det er lite forsking på dette her i landet. Sjokkerande lite med tanke på kor stor del av folket som er råka av det.

Silje Mæland, professor ved institutt for global helse og samfunnsmedisin, UiB

Professor Silje Mæland skal forske på overgangsalderen.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Mæland og kollegaene har allereie byrja å snakke med kvinner som opplever plager. Konklusjonen så langt er at ein treng meir kunnskap om kva overgangsalderen kan bety.

Forskarane opplever at mange tenker dette er litt tabu.

– Mange tenker på dette som ei avskilting, eit bevis på at ein er gamal og avleggs. Men dette burde vere ein periode mange kvinner verkeleg kan ta av i arbeidslivet.

Les også Laila var 31 år då ho fekk symptoma på overgangsalder

Laila Lovise Bjølgerud

Behandling og tilrettelegging

Yrkeslivet til Merete Allertsen er ikkje over. Ho er tilbake i full jobb.

– Eg forstod ikkje først at det var overgangsalderen som skapte problema. Heldigvis fekk eg tydelege svar frå ein blodprøve hos fastlegen.

Ho får ho medisinar og terapi. Men det viktigaste er ein tilrettelagt arbeidsdag.

– Eg kan ikkje få skrytt nok av sjefen min. Han har gjeve meg ein mogelegheit til å justere arbeidsbelastninga om eg treng det.

Sjefen heiter Jesper Blinkenberg. Han seier dette var første gang han som arbeidsleiar hadde måtte legge til rette for ein tilsett som sleit med overgangsalder.

Men sidan han tidlegare har vore fastlege hjelpte det han å forstå at problema var reelle.

– Eg trur arbeidsgjevarane treng meir kunnskap om dette. Det er viktig at ein er open om problemstillinga. Då kan ein gå i dialog om å finne beste løysing for alle partar.

Treng meir kunnskap

Framleis slit Allertsen med ulike plager. Men no veit ho at ho ikkje er alvorleg sjuk.

Ho er i full jobb, men får lov å ta omsyn til at forma ikkje alltid er på topp.

Professor Mæland meiner eksempelet med Allertsen er typisk for korleis samfunnet kan spare store ressursar på å få meir kunnskap om overgangsalderen.

– Mange kvinner opplever at dei endrar seg, og forstår ikkje heilt kva som skjer med dei. Vi håper å gje dei eit språk for å kunne finne seg sjølv att.

– Kunnskap gjer at kvinner kan ta gode avgjersler for seg sjølve.

Overgangsalder, Alrek

Allertsen er i dag tilbake i full jobb ved forskingsinstitusjonen Norce.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

Les også Nå forskes det på menssmerter hos unge for første gang i Norge

Mensen, mensensmerter, ny forskning