Hopp til innhold

Men no er det ny plate som gjeld

Vreid spelte for fulle hus på operaen i Oslo laurdag. No er dei studio og spelar inn ny plate.

Vreid i Operahuset i Oslo.

FOR FØRSTE GONG: Vreid er det einaste metalbandet som har stått på scena i operaen i Oslo.

Foto: Den Norske Opera

- Det var flott å få spele i operaen, men no er vi fokuserte på den nye plata vår, seier Jarle Kvåle i gruppa Vreid.

Her kan du sjå Vreid på scena

Først ut
Vreid i operahuset i Oslo.

UNIVERSELL ENERGI? Det er spørsmålet bak framsyninga 'Questionings' som vart vist i prøvesalen på operaen i Oslo fredag og laurdag.

Foto: Den Norske Opera

Laurdag stod dei på scena i operahuset i Oslo som første metalband nokonsinne.

- Eg er imponert over kvaliteten på operahuset, seier Kvåle som skryt av dei tilsette der og korleis vi vart tekne imot.

- Veldig profesjonelt og bra opplegg. Det er spesielt å stå i det bygget som i mine auge er noko av det flottaste vi har i Norge. Det er eit fantastisk hus og bygg på alle måtar. Akkustisk og lydmessig er det den beste staden vi har jobba. Vi er teknikknerdar så dette var bra, ler Kvåle.

Gjorde som dei alltid gjer

- Korleis har de jobba før desse konsertane?

- Vi har gjort som vi pleier. Vi fokuserte på det praktiske og korleis vi skulle gjennomføre dette. Vi tenkte at dette var ein konsert som kunne vore kvar som helst. Det trur eg er det beste vi kan gjere.

- De var først ute som metalband på denne scena, kva tenkjer du om det?

- Dette var vel ikkje akkurat vårt kjernepublikum og mange av dei som kom har vel ikkje så god kjennskap til oss. Men tilbakemeldingane har vore gode.

Indisk dans

Vreid på Bylarm 2010

VANLEGVIS: Dette er Vreid slik vi er vande med å sjå dei.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Tidlegare i år var gruppa på tur til India der dei spelte musikken sin saman med den indisk danserinna Rukmini Chatterjee.

Bakgrunnen for framsyninga er spørsmålet om kva som skjer når Kalis tankegang møter den ekstreme intensiteten i norsk svartmetall.

- Vi utforskar om det eksisterer ein universell menneskeleg energi, seier Chatterjee.

Fulle hus i Deli

Fire konsertar og fulle hus i Delhi vart resultatet, og no altså vart det heile avslutta frå scena i operaen.

Kunstsamarbeidet skjer i regi av Rikskonsertane, og er finansiert av den norske ambassaden i New Delhi og Indian Council for Cultural Relations.

Og det er Chatterjee som står bak konseptet med ansvar for koreografi og den kunstneriske leiinga av prosjektet.

Like før dei entra scena i Oslo, var dei i studio og arbeidde med den nye plata si.

Fullt fokus på plata

Vreid på Oslo live 2009

PLATE: No har Vreid fokus på plata som etter planen skal ut like over nyttår.

Foto: Per Ole Hagen / NRK

Når NRK Sogn og Fjordane snakkar med dei søndag ettermiddag er Kvåle og resten av bandet tilbake i studio for å halde fram innspelinga.

- Vi prøver å vere mest mogleg i studio no frammover. Det er nokre festivalar i sommar og vi skal på turne i Europa til hausten, men utover det vil vi bruke tida på plata som kjem like over nyttår, fortel Kvåle.

Han kallar prosjektet i regi av Rikskonsertane som eit sidesprang, men vil ikkje utelukke at det kan dukke opp nye prosjekt dei vil delta på.

Søkande musikarar

- Som musikarar er vi søkande etter å prøve nye ting og dette var noko heilt annleis. Men som sagt, akkurat no er det plata som har fokus.

Ida Gullvik informasjonskonsulent ved Den norske opera fortel at det var 179 besøkande til framsyninga «Questionings» fredagen og a 169 dukka opp laurdagen.

- I prøvesalen der framsyninga var er det plass til omlag 200 personar, seier Gullvik.

Operaen i Bjørvika

IKKJE VANLEG: Det er som regel meir opera og mindre metallmusikk på operaen i Bjørvika i Oslo.

Foto: Victoria Wilden / NRK