Hopp til innhold

Har meldt grovt kanindrap til politiet

Synet som møtte eigaren til kaninen Zora denne veka var grufullt. Kaninen var halshogd i sin eigen hage. No melder dyrevernarar saka til politiet.

Kaninen Zora

BRUTALT DREPEN: Kaninen Zora blei funnen av eigaren sin med avkutta strupe i hagen sin i Bergen.

Foto: Privat

Det var ved morgongry søndag at Yvonne Wollertsen i Loddefjord i Bergen vakna og gjekk ut i hagen.

Zora og Lucy

BERRE EIN IGJEN: Kaninar er sosiale dyr, og hadde ifølgje matmor eit svært nært forhold. No er det berre Lucy igjen i hagen i Bergen.

Foto: Privat

Der fann ho den eine av dei to kaninane sine utan hovud.

– Først tenkte eg at det kanskje var eit rovdyr som stod bak, men kuttet var heilt klart gjort av menneske, sa ein prega Wollertsen måndag til bt.no.

Ved nærare augesyn var det tydeleg at Zora rett og slett hadde fått strupen skjært over. Kuttet var heilt beint, og gjekk rett av ved skulderpartiet.

På si eiga Facebook-side åtvarer ho andre dyreeigarar, og ber dei passa godt på kjæledyra sine.

Jeg føler meg forpliktet til å sende ut en advarsel til andre dyreeiere da jeg fant kaninen min død i morges. Det tydelig at hun var ikke død av naturlige årsaker, men at mennesker har vært på ferde.

Yvonne Wollertsen

Tysdag føremiddag meldte dyrevernorganisasjonen NOAH saka til politiet. Dei viser til fleire liknande saker over heile landet. Saka har vekt oppsikt over heile landet, og du kan mellom anna lesa meir om det grufulle kanindrapet her.

– Sadistisk handling

Frå vegen og inn i hagen såg Wollertsen ho at det var tråkka ned ein sti der den eller dei som står bak ugjerningane, truleg har gått rett inn i hagen og tatt livet av dyret.

Siri Martinsen, veterinær og leiar i NOAH, er rysta over den groteske handlinga. ho håpar politiet vil prioritera saka.

– Vi i NOAH melder dette til politiet som ulovleg dyremishandling. Det er sannsynleg at vi står overfor ei så sadistisk handling at det bør undersøkjast av politiet .

Fleire brutale dyredrap

Fleire stader på Vestlandet har i det siste opplevd ei rekkje brutale drap og drapsforsøk på kjæledyr.

I Åsane, ein annan bydel i Bergen, døydde katten Purrina for kort tid sidan av skadene ho fekk etter å ha blitt skoten med luftgæver. Purrina var bursdagsgåva til åtte år gamle Mina, men fekk berre leva elleve månader.

I kjølvatnet av den triste historia fekk politiet inn fleire tips. Mellom anna stod ei kvinne fram med ein liknande historie der hennar katt fekk alvorlege skader. Også i Haugesund etterforskar politiet fleire brutale kattedrap som enno ikkje er oppklarte.

Siri Martinsen, Noah

SADISTISKE HANDLINGAR: Veterinær Siri Martinsen er opprørt over det brutale kanindrapet, og har meldt saka til politiet.

Foto: Siri Martinsen / NOAH

– Dette er saker som må takast alvorleg, seier Siri Martinsen i dyrevernsorganisasjonen Noah.

Fryktar dei som står bak

Siri Marinsen i NOAH ønskjer no at politiet skal gjera meir for å oppklara slike saker. I Sverige har dei blant anna eit eige dyrepoliti, fortel ho.

- At folk er i stand til å utøva så alvorleg og brutal vald mot forsvarslause kjæledyr, kan vera eit varsko for kva dei elles er i stand til å gjera.

Det er NOAH som har meldt Zora-saka til politiet. No håpar dei at det skal få konsekvensar. I anmeldelsen står det blant anna at "..Kaninen hadde ingen andre skader på kroppen. Dette bygger opp under antagelsen om at det er en person som står bak drapet, da kaninen var folkevant og lett ville kunnet latt seg løfte opp av mennesker."

– Det er alvorleg i seg sjølv. Dessutan, det at nokon utfører slike grove valdshandlingar, kan vere eit signal om at vedkommande vil kunne gjere noko slikt mot menneske òg.