Hopp til innhold

Skikkeleg ruskevêr på Vestlandet

Etter veker med fint novembervêr, byggjer det nok opp til skikkeleg ruskevêr over heile fylket, med til dels store, lokale nedbørsmengder.

Jente i øspøs regn

VÅTT I VÅTT: Det er berre å stålsetje seg, for vått kjem det til å bli denne veka.

Foto: MAXPPP / PHOTOPQR/L'ALSACE

– Vi kan vente oss mykje ver. Det er mykje vind og regn i vente denne veka, kan vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga for Vestlandet, Anne Solveig Andersen, fortelje.

– Det kjem lågtrykk på lågtrykk som gjer at vi får skikkeleg vestlandsvêr, rett og slett, seier Andersen.

40 millimeter på eit knapt døgn

Til no har november vore prega av gode temperaturar og fint, stabilt ver. Men det er det slutt på no. Her er det berre å finne fram støvlar og regnklede, det kjem vi til å trengje.

– Det kjem ein god del nedbør frå onsdag ettermiddag til litt ut på dagen torsdag. Omkring 40 millimeter, vil eg tru, seier Andersen.

Ho legg til at sjølv om det høyrest mykje ut, er det langt frå ekstremt.

– Det er ikkje ekstrem nedbør, men det er ein god del. Spesielt sidan vi har hatt det så tørt i november, seier Andersen.

Fare for storm på kysten

I tillegg til nedbøren, er det varsla mykje vind spesielt i ytre strok.

– Det er venta mykje vind på kysten frå ein sørleg retning. Vi snakkar nok liten storm på kysten, kanskje også full storm i nord på kysten. Det er greitt å vere litt obs, seier Andersen.

Denne vertypen ser ut til å halde seg heile denne veka.

– Det blir kanskje litt pause på dagen torsdag, men så kjem det noko inn att. Det som vil prege veka er lågtrykk på lågtrykk som ligg i kø og som gjer at vi får vind og nedbør, seier Andersen.

Regnvær

DROPP PARAPLY: Meteorologen anbefalar ikkje paraply når det bles som verst.

Foto: Scanpix

Lågtrykka ligg i kø

Årsaka til denne rotbløyta, er rett og slett at ei heil rekkje lågtrykk har funne seg ei bane rett inn over Vestlandet.

– Det stryk seg forbi, og det gjer at vi får mykje vått, seier Andersen.

Temperaturane framover er varierte, men direkte kaldt vert det ikkje.

– Prognosane varierer litt. Det har litt å seie akkurat kor lågtrykka plasserer seg og treffer. Men det er ikkje noko tydeleg trend at det blir kaldare. Det blir litt kaldare på dagen fredag, men dette vil stige att laurdag, seier Andersen.

Bør vere obs i høgfjellet

Dermed er det ikkje fare for snø i låglandet, men i høgda kan einskilde fjellovergangar nok vere slitsame å krysse dersom kombinasjonen av nedbør og vind blir ille nok.

– Vi får nok snø i fjellet og litt lågare snøgrense i slutten av veka. Når det dreier på sørvest kan det bli periodar med svært sterk vind i fjellet, seier Andersen.