Hopp til innhold

Meld til politiet for narkotikatjuveri

Ein tilsett på Førde sentralsjukehus er meld til politiet for tjuveri av narkotiske stoff, såkalla a-preparat.

Førde sentralsjukehus

NARKOTJUVERI: Ein tilsett ved Førde sentralsjukehus er meld til politiet.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Jurist Bård Eikeset i Helse Førde stadfestar at dei melde saka til politiet onsdag i førre veka.

– Den tilsette har vedgått å ha stått bak tjuveria, som har pågått sidan februar i år til det vart avdekt 11. mars.

Den tilsette er suspendert frå stillinga si, og det er oppretta personalsak.

– Det er ei svært kjedeleg sak for oss, og ikkje minst for vedkomande, seier Eikeset.

Han vil ikkje opplyse kor mykje narkotiske stoff den tilsette har teke.