Observasjonane kjem fram i ein rapport frå Havforskingsinstituttet.
Urovekkjande
- Særleg sjøauren i den ytre delen av Hardangerfjorden er høgt infisert av lakselus, heiter det i rapporten som Havforskingsinstituttet har utarbeidd for Mattilsynet.
Talet på lus som kan angripa villfisken er monaleg høgare enn det som har blitt registrert dei siste åra, kjem det fram i rapporten. Det er særskilt på vest- og nordvestlandet det er meir lakselus på villauren enn tidlegare.
LES OGSÅ:
|- Slike observasjonar er urovekkjande når me veit kor sårbar bestanden av villfisk er i dette området, seier assisterande tilsynsdirektør i Mattilsynet, Ole Fjetland.
Generelt blir det meir lakselus om sommaren, fordi temperaturen går oppover. Likevel er årets førekomstane av lakselus på villfisken høgare enn tidlegare år.
- Sjøauren blir utsett for høgt lusetrykk sidan den vert verande i fjorden på sommaren og hausten når lusetala stig, seier Fjetland.
Artikkelen held fram under biletet:
TETT I TETT: Bilete av ein aure som har blitt angripen av lakselus.
Foto: PressefotoNye forskrifter
- Sidan førekomstane av lakselus er låge i oppdrettsanlegga og høge på sjøauren, må ein ta hensyn til lusetala for villfisk når ein skal avgjera kva tiltak oppdrettsnæringa må setja i gang i høve lakselusa, seier Fjetland.
Arbeidet med å finna ut korleis lusetrykket på villsken er, pågår no.
I desse tider skal Mattilsynet laga nye forskrifter for enkelte soner der det er lakselus. Dei nye forskriftene skal gjelda i dei områda der tiltaka i den nasjonale luseforskfifta ikkje har hatt god nok effekt, skriv Mattilsynet på heimesidene sine.
Den nye forskriftene for Sunnhordland, Bjørnefjorden og Hardangerfjorden er no i sluttfasen.
Les meir om dei høge funna av lakselus på villfisk i Hordaland i rapporten
LES ÒG:
|