– Vi har hatt ni vellukka opptaksdagar og fått gjort det vi skal i Årdal i denne omgang. Men vi kjem tilbake i mai, og komande søndag skal vi ha opptak av naturscener frå helikopter, seier produsent Brede Hovland.
I den første sesongen av «Frikjent» var det spektakulære helikopterscener med sommar- og haustmotiv. Denne gongen vil dei ha naturen i vinterskrud.
– NI VELLUKKA OPPTAKSDAGAR: Produsent Brede Hovland.
Foto: Privat– Vi reknar med at desse scenene frå lufta blir litt meir dramatiske, men vel så spektakulære og vakre som i sesong 1, seier Hovland.
«Lifjord rådhus»
Tysdag denne veka vart det gjort opptak utanfor rådhuset på Årdalstangen. Rådhuset var omdøypt til Lifjord rådhus. Hovudpersonen Aksel, spelt av Nicolai Cleve Broch, var på plass, det same var ordføraren i Lifjord, spelt av Stig Amdam.
Dei ni opptaksdagane i Årdal vart avslutta torsdag.
– Vi var heldige med vêret. No er vi tilbake i Oslo, der vi skal ha 30 dagar med opptak, seier Hovland.
I «LIFJORD RÅDHUS»: Ordførar Arild Ingar Lægreid.
Foto: Rune Fossum / NRK– Har jobba i Lifjord rådhus
Ordførar Arild Ingar Lægreid er glad for at TV2 har valt å sende endå ein sesong av «Frikjent».
– Det er veldig positivt, det var mange fine bilete i den første sesongen, og det er ein fin serie.
Den siste veka har opptaka prega sentrum av Årdalstangen, og ikkje minst rådhuset.
– Eg har jobba i Lifjord rådhus nokre dagar. Det var eit par kalde dagar denne veka, og det gjorde at statistane måtte bruke rådhuset som varmestove.
HOVUDPERSONEN: Aksel, spelt av Nicolai Cleve Broch, på Årdalstangen. (Scene frå sesong 1).
Foto: Carl Christian Raabe– Ferdig med opptaka 1. juli
Når Miso Film Norge kjem tilbake til Årdal i mai står det att 40 opptaksdagar. Brede Hovland fortel at rundt 20 prosent av opptaka blir gjort der, resten på Austlandet.
– Vi skal vere ferdige med opptaka 1. juli, og vi skal ha serien ferdig, slik at TV2 kan sende den komande haust. Men du må spørje TV2 om når dei faktisk kjem til å sende serien.
Produsent Brede Hovland vil ikkje røpe så mykje av handlinga i sesong 2 av «Frikjent», men TV2 skreiv dette i ei pressemelding 25. november:
«I sesong 2 viser det seg at sannheten om Karine Hansteens død likevel ikke har kommet frem, og det er flere som bærer på vonde hemmeligheter. Aksel må fortsette å kjempe, men hvor langt er han villig til å gå for å få rettferdighet?
Og når det gjeld sendetidspunktet, så skreiv TV2 i den same pressemeldinga at sesong 2 skal ha premiere hausten 2016. Pressekontakt Alex Iversen seier til NRK at det står ved lag.
«Frikjent» sesong 2 har eit budsjett på 60 millionar kroner.
Sesong 1 var ein gedigen suksess for TV2, med eit gjennomsnitt på 802.000 sjåarar.