Ansvarleg for flyktning- og asylpolitikken i SV, Karin Andersen, er glad for at Yasmin no har fått eitt år opphaldsløyve i Noreg, men meiner samtidig at det ikkje er nok.
– Ei verre sak har eg nesten ikkje vore borti, med ei jente som har vorte misbrukt frå land til land heilt frå ho var lita. At Noreg ikkje skal kunne gi opphald til og ta vare på ei jente som ikkje har opplevd anna enn grufulle ting i livet sitt synest eg er alt for gale, seier Andersen engasjert.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Vil at UNE skal endre praksis
Karin Andersen (SV) meiner at UNE har lagt seg på ei alt for streng linje. No vil ho ha med seg stortingsfleirtalet for å endre praksis i slike saker.
– Eg meiner det bør vere mogleg å få med oss stortingsfleirtalet til å seie at i slike saker skal vi gi opphald og ikkje bruke Dublin-regelverket til å skyve frå oss eit menneske til eit land der vi veit at ho ikkje vil få noko vern mot overgriparar, seier Andersen.
Meiner regelverket er bra som det er
Fylkesleiar i Frp, Sogn og Fjordane, Lars-Svein Drabløs ser ingen grunn til at UNE skal endre praksis.
– Det er ikkje overraskande at det kjem eit slikt forslag frå Karin Andersen. Eg har tillit til at Utlendingsnemnda (UNE) handterer dette på ein god måte. Vist dei, på eit tidspunkt, meiner at ho skal sendast ut, så har eg tillit til det, seier Drabløs.
Drabløs trur at ei mjukare praktisering av lovverket vil vere ein skummel veg å gå.
– Det er sannsynlegvis mange i same situasjon som har kome til landet. Dei må ta omsyn til det regelverket vi har. Og la det vere sagt: Karin Andersen vil nok ha ein heilt annan politikk enn det regjeringa og fleirtalet i stortinget står for, seier Drabløs.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Jobbar vidare
Karin Andersen fryktar for konsekvensane om Yasmin skulle bli sendt ut av landet.
– Skulle ho bli sendt til Ungarn er det ingen som vil passe på ho. Då er ho raskt tilbake i hendene til menneskesmuglarane og hallikane. Og då er det ikkje trygt for ho. Eg meiner at Noreg må beskytte ho og at vi må sette inn mykje meir ressursar på å ta bakmenn.
Og Andersen har ikkje tenkt til å legge inn årene når det gjeld arbeidet mot praktiseringa av Dublin-avtalen.
– Eg kjem til å jobbe vidare for at Noreg ikkje skal kunne bruke Dublin – avtalen til å fråskrive oss ansvar for eit menneske som er i ein slik situasjon som Jasmin, seier Andersen.