Hopp til innhold

Eitt år etter storflaumen: – Så lenge brua står igjen er risikoen den same

UTVIK (NRK): Professor i vassbygging Oddbjørn Bruland meiner den øvste brua over Storelva gjer at Utvik framleis står i fare for flaumskadar dersom det kjem like store vassmengder som i fjor.

Oddbjørn Bruland

UROA FOR BRUA: Oddbjørn Bruland trur manglande kapasitet ved den øvste brua over Storelva gjer at Utvik framleis er utsett for flaumskadar.

Foto: Ole Heilevang / NRK

Eitt år etter storflaumen i Utvik er vasstanden i Storelva låg. Oddbjørn Bruland, som kjem frå Utvik og er professor i vassbygging ved NTNU, seier at den øvste brua over elva var det kritiske punktet under flaumen.

– Dette var flaskehalsen. Det er vel og bra det som har vorte gjort både ovanfor og nedanfor brua, kanskje langt meir enn det som er behov for å gjere, men så lenge brua står igjen er eigentleg risikoen for bygda den same som i fjor, seier han.

Ifølgje Bruland er det testar dei har gjort ved NTNU som ligg bak denne vurderinga.

Storebrua Utvik

EITT ÅR SIDAN: Slik såg det ut ved brua over Storelva under flaumen i fjor.

– Då har vi funne ut at dersom det same skjer igjen, sjølv med dei utbetringane som er gjort, så vil elva ta omtrent det same løpet som i fjor. På grunn av at denne brua har for lite kapasitet, vil det same kunne skje ved tilsvarande vassmengder.

Bruland trur ikkje at han er den einaste som er uroa for kapasiteten ved brua. No håpar han at noko vert gjort.

– Eg trur at også NVE har varsla om at kapasiteten under denne brua er for dårleg, så det ligg nok i hendene til Statens vegvesen. Eg vil inderleg håpe at dei tek både mi og NVE si åtvaring på alvor, og gjer noko med denne brua, seier han.

Når det gjeld kva som bør gjerast trur Bruland det vil vere vanskeleg å sprengje ut løpet medan brua er i bruk, og at det difor sannsynlegvis må byggjast ei ny bru.

– Ikkje berre brua som var eit problem

Prosjektleiar Lars Erik Karlsen i Vegvesenet påpeikar at dei har gjort fleire utbetringar i elveløpet sidan i fjor. Han vedgår at brua er det punktet langs elva med minst kapasitet til å ta unna vatn, men meiner likevel at det også her har vorte betre.

– Det er tre bruløp her, og to av dei var intakte då det var flaum. No har vi opna det tredje, slik at det i alle fall er plass til ein tredel meir vatn under brua, seier han.

Lars Erik Karlsen

EIN TREDEL MEIR: Lars Erik Karlsen seier at brua no skal kunne ta unna ein tredel meir vatn.

Foto: Ole Heilevang / NRK

Ifølgje Karlsen var det heller ikkje berre brua som var eit problem då elva fløymde over.

– Det var lenger oppe at elva tok seg over, og kom ned på sidene av brua. Vatnet kom ned ved den kommunale vegen på den eine sida, og ved bedehuset på den andre, og gjorde store skadar. Det hadde ingenting med brua å gjere.

Karlsen seier at Vegvesenet gjerne skulle fått på plass ei ny bru over elva. Dette er likevel noko som vil krevje meir enn det arbeidet som er gjort til no.

– Skal vi byggje ny bru må det både regulering og investering til. Det vert ein heilt annan kostnad enn det som vi har heldt på med, seier han.

Alt i alt meiner Karlsen og Vegvesenet at beredskapen for flaum i Utvik no er god.