Hopp til innhold

Meiner utbyggar har bygd veg full av plast og boss

ÅSANE (NRK): Naturvernforbundet meiner det er brukt forureina masser i bygginga av ny veg gjennom skog. – Me bygger lovleg, seier entreprenøren.

Synnøve Spangelo med boss

ØYDELEGG LANDSKAP: – Plast og anna boss er blanda saman med stein og jord, seier Synnøve Spangelo i Naturvernforbundet og heldt fram boss ho fann i den eine fyllinga.

Foto: Eva Neteland / NRK

På Hylkje utanfor Bergen vert det bygd ein 15 kilometer lang skogsbilveg. Slik kan grunneigarane henta ut tømmer med vogntog.

Men då NRK var på staden, låg det knust asfalt, betong og takstein langs den gruslagde vegen. Plast stakk opp av ei fylling. Om ein ser nøye etter, får ein lett auge på boss.

– Dette avfallet skulle vore levert til eit mottak, ikkje lagt her, seier Synnøve Spangelo i Naturvernforbundet i Hordaland.

Dei har no varsla politiet om det dei meiner er miljøforureining.

Synnøve Spangelo

BOSS: På få minutt finn Spangelo dette bosset lett tilgjengeleg mellom steinane i skråninga langs vegen, og i steinhaugane.

Foto: Eva Neteland / NRK

– Behov for vegen

Skogen er hogstmoden. Difor trengst denne vegen, seier Fylkesskogmeister Terje Natland.

– Å henta ut tømmer med traktor, er ikkje effektivt. Utan ein god veg, vil terrenget verta øydelagt av dagens skogsreiskap.

I fjor vart det ferdigstilt 94 km skogsbilvegar i Noreg, syner tal frå SSB.

Flyfoto Hylkje 2018
Flyfoto Hylkje 2009

norgebilder.no

I april vedtok Byrådet i Bergen tydelegare reglar om skogsvegbygging. Og krav om reine massar.

Om lag 5000 stader i Noreg har forureina grunn, syner tal frå Miljødirektoratet.

skogsveg Hylkje

TURELDORADO: – Me har allereie hatt barneskirenn her, og eit dagsenter for demente nyttar seg av turmoglegheitene, seier Robert Berentsen, leiar for Veten Rundt Skogsveglag.

Foto: Eva Neteland / NRK

Meld til politiet

Tidlegare laga entreprenøren Skogsvei Vest også skogsbilveg på Fanafjellet. Då vart dei meldt til politiet av Naturvernforbundet og foreininga Hordnesskogens venner.

– Saka er foreløpig ikkje etterforska. Me har mange alvorlege saker. Dei som omhandlar liv og helse, vert prioriterte over dette, seier Grunde Ness, politioverbetjent ved Bergen sør politistasjon.

Naturvernforbundet har no sendt ei bekymringsmelding til politiet om bygginga på Hylkje.

– Då eg gjekk ut or bilen, ser eg murpuss med måling på. Dette er likt som på Fanafjellet, seier Finn Bøe, leiar for Hordnesskogens venner.

– Sjølv om politiet er involvert, bygger dei framleis på same måte, hevdar Spangelo.


– Alt er lovleg

– Byggemåten og massane me brukar er lovleg, seier Roald Toppe. Han er dagleg leiar i Skogsvei Vest, og uttrykker at han er oppgitt.

Massane skal vera dokumentert reine. Ifølgje Toppe har han ingenting å tena på å bruka noko ureint i bygginga.

Synnøve Spangelo asfalt

VETEN: I det populære turområdet ved fjellet Veten på Hordvikneset vert skogsvegen bygd.

Foto: Eva Neteland / NRK

– Det er boss over alt no til dags. Difor føl det med i reine massar. Om me ser noko, ryddar me opp.

Toppe fortel om god oppfølging, og jamlege synfaringar med Fylkesmannen, Landbruksetaten og grunneigarar.

Tidlegare skal nokon ha dumpa boss på skogsvegen på Fanafjellet: – Folk braut seg inn og dumpa søppel

Positive grunneigarar

Seksjonsleiar Kristine Mordal Hessen i Miljødirektoratet seier krava for å unngå forureining er strenge.

– Gjenbruk av avfall er lov, dersom det erstattar andre material som elles måtte ha vorte skaffa. Det kan ikkje vere risiko for miljøskadar.

Grunneigarane stolar på utbyggarane.

– Me er trygg på at alle massar er reine. Det er avtalen med entreprenøren, seier Robert Berentsen, leiar for Veten Rundt Skogsveglag.