– Det har vore villrein i desse fjella i ti tusen år. Dei veit kor dei skal gå og ikkje gå. No går dei plutseleg ned mot bratte stup og skrentar, seier Marks Brooks.
I lag med fleire andre har han kome over død villrein i Tynjadalen i Lærdal. Reinen har ramla ned frå fjellet fleire hundre meter over dalen.
– Ingen her har høyrt om reinsdyr som har gått i det området før. Eg var med folk som har drive med jakt sidan syttitalet, som byrja å grine då dei såg kva som hadde skjedd.
Etter at den smittsame og dødelege skrantesjuka vart påvist i reinstammen i Nordfjella vart det bestemt at alle dyr skulle verte skotne. For tida driv jegerar med ei systematisk nedslakting av dei 1500 dyra som framleis er i live.
Brooks og dei andre er heilt overtydde om at det er difor dei no ser dyr bevege seg nærme farlege stup.
– Jakta i Nordfjella gjer dyra stressa, og driv dei ut i ytterkantane. Det var det vi åtvara mot då dei skulle byrje med dette, og no skjer det. Det er heilt forferdeleg, seier Brooks.
Han får støtte av Knut Eltun, som er grunneigar der dei døde dyra vart funne.
– Det er ikkje lett å seie kva som er rett og gale i saka om skrantesjuka, men det synet eg såg i dag var i alle fall veldig trist, seier Eltun.
Statens naturoppsyn skal undersøkje i morgon
Petter Braaten i Statens naturoppsyn er ein av dei som har hovudansvaret for den organiserte jakta av villrein i Nordfjella, i samband med utbrotet av skrantesjuke. Han har fått med seg dei døde dyra, og skal ta turen opp i morgon for å undersøke nærare.
– Dette er dyr som er tekne av eit snøskred. Det er ikkje uvanleg at dyr blir tekne i snøskred, men vi skal undersøkje området i morgon. Det viktigaste er at det ikkje ligg dyr som er i liv nokon stad.
Braaten seier at det er vanskeleg å seie om Brooks og Eltun har rett i at desse dyra har blitt stressa av den storstilte reinsjakta.
– Det er klart at dyra kan bli oppjaga og redde av det vi held på med, men det er ikkje lett å svare på kvifor akkurat desse dyra har gått ned i dette området.