Hopp til innhold

Eirik (2) døydde av E.coli. Foreldra meiner guten kunne vore berga.

Januar 2009 opplevde Hilde-Merethe Lillestøl Hanebrekke og Rune Hanebrekke alle foreldre sitt mareritt. Sonen deira Eirik (2) vart sjuk og døydde.

Hilde-Merethe Lillestøl Hanebrekke og Rune Hanebrekke

BITTERT: - Legane gjorde ikkje jobben sin. Opp i alt er det bra at vi hadde rett, samstundes må det vere eit signal av legestanden at rutinane må forbetrast, meiner Hilde-Merethe Lillestøl Hanebrekke og Rune Hanebrekke etter at to legar fekk åtvaring for dødsfallet til Eirik (2).

Foto: NRK

Den livsglade toåringen var mellom 14 born over heile landet som i 2009 vart smitta av E.coli.

Eirik (2) var den einaste som måtte gje tapt mot den frykta bakterien.

- Vi mista guten vår på to år - på noko som kunne vore unngått. Det er veldig tungt, fortel Rune Hanebrekke frå Stårheim.

- Ingen grunn til uro

Det har gått to og eit halvt år sidan guten døydde. Då Eirik fekk blodig diare, kontakta foreldra lege. Etter første legebesøk i Eid, fekk dei beskjed om at guten var råka av eit vintervirus.

Eirik (2) døydde av E.coli i 2009.

DØYDDE: Eirik (2) døydde av komplikasjonar etter E.coli-utbrotet i 2009.

Foto: NRK

Legen meinte det ikkje var grunn til noko uro.

- Fredagen var det framleis blod i avføringa og då ville vi ikkje vente. Då kontakta lege att og fekk eigentleg den same beskjeden. Søndag var han veldig dårleg, fortel Lillestøl Hanebrekke.

Tapte kampen

Etter tredje legebesøket, tok dei saka i eigne hender og køyrde sjølve til sentralsjukehuset i Førde.

Her fekk dei raskt mistanke om E.coli.

- Det vart bestilt helikopter transport, men vêret var så dårleg at dei kunne ikkje bruke helikopter. Dette var søndagskvelden. Vi fekk ambulanse til Bergen. Onsdagen døydde han på sjukehuset i Bergen, fortel Hanebrekke.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video to legar får refs etter e-coli-død

SJÅ: To legar får refs etter at toåringen Eirik døydde av E.coli i 2009.

Legar får refs

Berre nokre år tidlegare, i 2006, vart 18 personar sjuke av e.coli etter å ha ete infisert morrpølse frå eitt av Gilde sine anlegg. Også her døydde eit barn.

Dette utbrotet meiner familien på Stårheim burde sitje friskt i minne hos legane. Statens helsetilsyn meiner at guten allereie etter andre legebesøk burde vore lagt inn på sjukehus. Dei to legane som såg til guten har begge fått skriftleg åtvaring.

For familien på Stårheim er det ei mager trøyst å få konstatert at dei ikkje fekk hjelpa dei hadde krav på. Dei meiner guten kunne vore redda.

- Det er forferdeleg bittert. Det var mange tilfelle etter han i den perioden. Alle dei vart redda. Då var legane obs på dei symptoma, seier Hanebrekke.

- Må vere på vakt

- Når det skjer igjen neste gang veit ikkje vi, men legane må vere på vakt på signala. Spesielt blodig avføring, legg han til.

I samband med utbrotet i 2009 vart det nytta store ressursar på å finne ut kvar smitta kom frå. Trass prøvar frå kring 900 matvarer, vatn og dyr frå pasientane sitt nærmiljø - smittekjelda vart aldri funnen.

Rykta gjekk

For stårheimsfamilien vart det ekstra belastande. I den vesle nordfjordbygda byrja rykta å gå om at dei hadde gjeve borna mjølk direkte frå kyrne på garden.

- Det er forferdeleg sårande å høyre rykte om slike ting som er veldig langt frå røynda. Vi har ikkje hatt kyr på garden på 40 år. Det oppstår alltid rykte når slikt skjer, men det er sårt å høyre, seier Hanebrekke.

Etterlyser beredskap

Familien på Stårheim har opplevd tida etter dødsfallet som svært vanskeleg, og etterlyser betre beredskapsordning for personar som opplever slike traumatiske hendingar.

Merethe Lillestøl Hanebrekke og Rune Hanebrekke

MINNE: Merethe Lillestøl Hanebrekke og Rune Hanebrekke har berre minna att etter den livsglade toåringen.

Foto: NRK

- Når det skjer ei ulukke, så har du eit kriseteam. Det vi opplevde var på lik linje med ulukke, du står der og er i sjokk. Det burde vore eit apparat som tilbydde hjelp dersom ein trengde hjelp då, meiner Hanebrekke.

Vart gravide

Midt opp i sorga, fekk familien også vite at dei venta barn igjen. Det gjorde det ekstra situasjonen endå vanskelegare.

- Det var litt spesielt. Berre sju månader etterpå fekk vi Ørjan. Å takle sorga med Eirik og gleda med Ørjan var vanskeleg. Det har vore veldig tøft, fortel Hilde.

- Men har de tillit til legar i dag?

- Ein skal ikkje la vere å stole på legar, men ein skal ikkje stole blindt på legar. Foreldra kjenner sitt barn best, seier Hanebrekke.

- Ein må stole på magekjensla, legg Lillestøl Hanebrekke til.

NRK gjort fleire forsøk på å få legane i tale. Den eine av legane bur for tida i utlandet og har heller ikkje svart på Helsetilsynet sin korrespondanse i saka.