Meiner sauebøndene tapar stort på ny ordning - men det er ikkje bondelagsleiaren samd i

Leiar i Årdal sau og geit, Erling Offerdal, er sterkt kritisk til Bondelaget, som han meiner har forhandla vekk lammetilskot slik at sauebøndene tapar store pengar. Det er ikkje Bondelags-leiar i Sogn og Fjordane, Anders Felde, heilt samd i.

Sauer

NY ORDNING: Bøndene skal frå neste år få lammetilskot same år som dei leverer lam til slakt.

Foto: Linn Løkken / NRK

– Du vil få halvert tilskotet i to år framover. Viss ein bonde leverer 200 lam, så vil han tape 50.000 året kroner i to år framover, meiner Offerdal.

Omlegginga i lammetilskot kom i stand under jordbruksforhandlingane etter at organisasjonane tok til orde for ei forenkling av dagens system.

Men før denne ordninga kjem i gang, får sauebøndene halvert lammetilskotet i to år.

Er kritisk til ordninga

Per i dag får sauebøndene 500 kroner per lam i lammetilskot. Men dette vert sett ned til 250 kroner per lam.

– Då vil vi tape 100.000 kroner på to år før vi kjem inn att i den ordinære ordninga, på grunn av omlegginga, seier Offerdal, som er kritisk til at Bondelaget har gått med på ei slik ordning.

– Eg skjønnar ikkje korleis bondelaget har kunne gått med på noko slikt. Eg lurer på kva ein lønsmottakar ville sagt viss han hadde fått redusert inntekta si med 50.000 kroner årleg i to år framover, seier Offerdal.

Meiner det berre er delvis rett

Leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde, er derimot ikkje heilt samd i korleis Offerdal tolkar den nye ordninga.

– Det er både rett og gale. Ein sauebonde som leverer likt tal på sau i åra framover, vil ikkje merke noko i rekneskapen. Skulle han hatt 50.000, så får han det framover også, seier Felde.

Han legg til at det i og for seg er rett at det er to årgangar med lam som bøndene berre får halvt tilskot for. Men meiner at dette ikkje får utslag, så framt ein ikkje legg ned drifta.

– Ein vil ikkje merke det i rekneskapen viss ein ikkje sluttar, seier Felde.

Har vore utbetalt på etterskot

Både Sau og Geit, Småbrukarlaget og Bondelaget signaliserte at dei ønskte ei forenkling av ordninga, samt at ein fekk betalinga på forskot.

Til no har det vore slik at tilskotet har vore utbetalt på etterskot, og at bøndene har måtte søkje om dette. No vil ordninga endre seg slik at ein får tilskotet same år og direkte når ein leverer lam til slakt, åtte månadar tidlegare enn slik ordninga er i dag.

Anders Felde

VANSKELEG: Leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde, forstår at mange tykkjer den nye ordninga er vanskeleg å forstå.

Foto: Bård Siem / NRK

– Bøndene får pengane åtte månadar før dei elles ville fått det. Det er berre dei bruka som sluttar med sau som vil oppleve eit tap. Alle andre vil få det same inn i rekneskapen sin, seier Felde, og forklarar det slik:

Litt komplisert system

– Det er fordi dei to tilskota som er halverte vert utbetalt same året. I år fekk ein utbetalt for 2014. Neste år får du utbetalt både for det du slaktar i år og det du slaktar neste år. I år har ein allereie fått pengane for i fjor, seier Felde.

Men han er klar på at ordninga er litt krevjande å forstå.

– Gjennomføringa har vore utfordrande. Det kom litt brått på alle, og det har ikkje vore ein god prosess på dette. Det må Bondelaget berre ta kritikk på, seier Felde.