Hopp til innhold

Meiner samarbeid skal sikre skulen

Eit langt tettare samarbeid med høgskular og universitetet skal sikre framtida for Høgskulen i Sogn og Fjordane, meiner styreleiar Heidi-Kathrin Osland.

Heidi-Kathrin Osland

SAMARBEID: Med andre skular skal sikre Høgskulen i Sogn og Fjordane ei framtid, meiner Heidi-Kathrin Osland.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Regjeringa har varsla ein omfattande gjennomgang av høgare utdanning i Norge, og opnar mellom anna for å sjå på talet regionale høgskular rundt om i landet.

Høgskulen i Sogn og Fjordane bør få lov til å halde fram som ei eiga eining, men med fokus på samarbeid, meiner Osland.

– Vi har konsentrert oss om å samarbeide om ulike utdanningar, og brukt mindre tid på samarbeid på institusjonsnivå. Vi tek for oss utdanning for utdanning og ser korleis vi kan samarbeide med andre, seier Osland og viser til at dei samarbeider med ei rekkje forskjellige høgskular og universitet.

Høgskular kan bli lagde ned

Ein brei debatt om høgskulane si framtid vil komme i løpet av 2014 og 2015. For nyleg la kunnskapsministeren fram fleire punkt for ei omfattande evaluering av høgare utdanning.

Mellom anna vil regjeringa leggje fram ei stortingsmelding om struktur. Det vil i praksis seie at enkelte høgskular i verste fall kan bli lagt ned.

Men Heidi Kathrin Osland meiner at Høgskulen i Sogn og Fjordane har ei framtid som eiga eining, og at dei brukar dei 340 millionane dei får over statsbudsjettet godt.

– Vi meiner vi utnyttar ressursane våre svært godt, seier Osland.

Fryktar forskingsmidlar forsvinn

Ho viser mellom anna til at ti prosent av forskingsmidlane i Norge går til høgskulane, og fryktar konsekvensane viss denne ordninga blir endra.

– Vi meiner det er veldig viktig å kunne forske ved høgskulane. Både for å kunne tilby gode utdanningar, men også for å vere attraktiv for dei beste undervisarane, seier Osland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Høgskulen i Sogn og Fjordane - avd. Førde

FØRDE: Høgskulen i Sogn og Fjordane har avdelingar i Førde og Sogndal. Her frå avdelinga i Førde.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Må tole kritisk blikk

Stortingsrepresentant Kristin Vinje er Høgre sin talsperson for høgare utdanning på Stortinget. Ho meiner dei tjue regionale høgskulane i Norge må tole eit kritisk blikk framover.

– Eg meiner det er viktig med høgskular rundt om kring i landet, men vi må sjå på korleis vi skal fordele oppgåvene.

Vinje meiner det til no ikkje har vore noko strategisk god plan for korleis skulane skal utviklast og korleis arbeidsdelinga skal vere dei imellom.

– No er det på tide å sjå på kva vi ønskjer oppnå med høgskulane våre, og korleis vi kan fordele ressursane betre, seier Vinje.

Meiner skulen har ei framtid

Talet studentar på universitet og høgskular i Norge nærast eksplodert, og berre dei ti siste åra har over 30.000 fleire starta på ei høgare utdanning.

I Sogn og Fjordane har til dømes søkjartala til Høgskulen tredobla seg sidan 2008. Og regjeringspartia vil no ha ei vurdering om denne auken er samanfallande med kvaliteten på studia som blir lyst ut.

Heidi Kathrin Osland er klar på at Høgskulen i Sogn og Fjordane har lagt ei godt grunnlag for si eiga framtid.

– Vi har ikkje lov til å vere pessimistar, og vi meiner vi har eit godt utgangspunkt. Men det er ikkje sikkert den nye regjeringa legg vekt på dei same kvalitetskriteria som vi gjer, seier Osland.

Kristin Vinje i Høgre meiner høgskulane uansett må vere villige til å sjå på studietilbodet dei leverer til stadig fleire studentar.

– Det aller viktigaste er at vi har gode utdanningar og at det blir levert kvalitet. Hadde eg vore i denne sektoren ville eg satsa på det som var bra, og konsentrert meg om det, seier ho.