Hopp til innhold

Meiner reinen bør etast – ikkje forbrennast

1000 reinsdyr i Nordfjella skal til forbrenning. Odd Lothe Ohnstad i Haugen gardsmat meiner det er uetisk å kaste maten på denne måten.

Odd Ohnstad

KRITISK: Odd Lothe Ohnstad ynskjer at ein gjer meir for å ta vare på vel 50 tonn med fyrsteklasses mat.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Det er uakseptabelt og uetisk. Det er vanskeleg å ta omsyn til at ein skal destruere vel 50 tonn med fyrsteklasses mat, seier Odd Lothe Ohnstad.

Ohnstad er jeger og dagleg leiar for Haugen gardsmat i Aurland. Vel 1000 reinsdyr vil bli sendt til forbrenning når Staten skal utrydde villreinstammen i Nordfjella. Destrueringa startar når den vanlege jakta er over.

– Lite som skil frå vanleg jakt

Mattilsynet meiner det ikkje er tid i vintermånadene til å handtere slaktet. Ohnstad er heilt usamd:

– SNO vil ikkje vombe ut dyra som blir skotne i fjellet. Dette er skilnaden frå vanleg jakt. Logistikken elles er lik, dyra må merkast, fraktast til veg og takast hand om. Det må takast prøver. Det handlar om å få ut vomba, for ein røynd jeger er det snakk om fem minutt.

​ Kan kjøtet vere farleg å ete?

– Alle skal sleppe å ete skrantesjuk mat. Alle slakt blir testa. Det er hundre prosent sikkert at CWD-kjøt ikkje vil nå marknaden. Dette er fyrsteklasses, prima råvare, seier Ohnstad.

Nordfjella

NORDFJELLA: 2200 reinsdyr skal skytast ned for å bli kvitt skrantesjuka.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

Mattilsynet meiner det ikkje er tid

Seniorrådgjevar Kristin Ruud Alvseike i Mattilsynet meiner det ikkje er tid for SNO til å ta vare på kjøtet:

– Vi også ville bruke fullt brukbart viltkjøt, men etter å ha sett på det i praksis, så ser vi at det går utover sjansen til å bli kvitt skrantesjuka, seier ho.

Alvseike meiner det går med for mykje tid:

– Effektiviteten går ned, mykje logistikk må på plass, det er ulendt terreng, vinterstid er det korte dagar. Det viktigaste er å bli kvitt sjukdomen.

LES OGSÅ: – Må kaste 50 tonn reinsdyrkjøt

Massenedskytinga har starta

Totalt skal 2200 villrein i Nordfjella avlivast. Nedslaktinga skjer fordi ein skal hindre den alvorleg sjukdomen skrantesjuke i å spreie seg, potensielt kan den truge alle hjortedyr i Noreg.

Skrantesjuke (Chronic Wasting Disease - CWD) er ein dødeleg prionsjukdom som angrip nervesystemet hjå hjortedyr.

– Vi har håp om at jegerane under ordinær jakt får felt 1000 dyr, då vil det bli i overkant 1000 dyr igjen, desse blir ikkje menneskemat, seier Alvseike.

Hentar ut skrantesjuk villrein

SMITTEFARE: Ein skrantesjuk rein vert henta ut frå Nordfjella i 2016.

Foto: Petter Braaten/SNO

Kunne brukt meir tid

Ohnstad meiner Mattilsynet burde brukt meir tid på å skyte ned villreinen. Då hadde det vore lettare å berge kjøtet. I tillegg tyder ting på at smittespreiinga går saktare enn frykta:

– Ein kan utsette saneringa eitt år til, og frigjere massive ressursar.

Men Alvseike avviser at dei har meir tid:

– Det er ei heilt klar tilbakemelding frå Vitskapskomiteen for mattryggleik og andre fagmiljø at desto raskare vi tek ut smitten, desto raskare blir vi kvitt skrantesjuka, seier ho.