Hopp til innhold

Meiner regjeringa sviktar - vil ha klarare tiltak mot arbeidsløysa

Arbeidarpartiet etterlyser konkrete tiltak frå regjeringa for å hindre at fleire misser jobben. – Situasjonen er skremmande, seier Torbjørn Vereide (Ap).

Torbjørn Vereide desember 2015

SVIKTAR: Torbjørn Vereide frå Arbeidarpartiet vil ha eit NAV for unge på plass. Han meiner regjeringa ikkje tek arbeidsløysesituasjonen i landet på alvor.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi ser at arbeidsløysa stig dramatisk, og vi ser med enorm frustrasjon at regjeringa pratar ned utfordringa heller enn å trappe opp tiltaka, tordnar det frå Torbjørn Vereide, fylkestingsrepresentant for Arbeidarpartiet.

Dei siste tala frå NAV synte at ein også i Sogn og Fjordane no merkar oljekrisa. I Førde, Hyllestad og Førde har det blitt 114 fleire ledige siste året, og mykje av auken kan sporast til oljekrisa, melde NAV då tala for februar var klare. I Arbeidarpartiet fryktar dei at trenden berre vil halde fram.

– Vi er lenger nede i dominorekkja av verksemder som kjem til å slite, og vi må få på plass tiltaka før det er for seint. Når arbeidsløysa bit seg fast i både bedriftsmarknaden og hjå den einskilde, då veit vi det er vanskeleg å kome med tiltak, seier Vereide.

Ingrid Heggø blar i dokument

PERMITTERINGSREGLAR: Ingrid Heggø meiner endring av permitteringsreglane kan ha positiv effekt på arbeidsløysa. - - Ni av ti permitterte kjem tilbake i jobb, og åtte av dess igjen kjem tilbake i eiga bedrift, om enn i anna jobb. Slik får ein halde på kompetansen, og hindrar fleire verksemder i å gå dukken, seier stortingsrepresentanten.

Foto: Nils Henrik Måsø / NRK

– Har tiltak

Aftenbladet meinte nyleg også at Regjeringa bløffa om ein tiltakspakke for Sørvestlandet på 4 milliardar kroner, der løyvingane ikkje i stor nok grad vart øyremerka til dette området.

– Nokre av verkemidla er veldig konkrete og direkte, andre er litt meir generelle, svarte finansminister Siv Jensen på noko av kritikken. Ho understreka at ein legg opp eit bredt spekter av tiltak, som skal nå arbeidslause sine ulike behov.

NRK har vore i kontakt med Arbeids- og sosialdepartementet, men dei har førebels ikkje kunne kommentere kritikken frå Arbeidarpartiet.

Vil ha NAV for unge

For Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane er ikkje tiltaka frå regjeringa gode nok. Dei peikar mellom anna på etablering av NAV for unge og endring av permitteringsreglane som viktige tiltak.

– Vi må ha fokus på dei under 25 år, for det er halvparten av dei arbeidslause. Dei sit fanga i eit vakuum mellom utdanning og arbeid. Vi treng eit NAV som spesialiserer seg på den gruppa, for då trur vi det er større sjanse for å få dei ut i jobb, forklarar Vereide.

Stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, Ingrid Heggø, som også sit i næringskomiteen på Stortinget, peikar også på at regjeringa bør opne opp for større aktivitet i offentleg sektor, for å redusere arbeidsløysa.

– Vi må bruke slike tider vi har no til å ta igjen offentleg forfall, som å bygge og rehabilitere skular, eldrebustadar og omsorgsbustadar. Då får vi sysselsett folk og gjort ting vi elles ikkje ville fått gjort. Det er betre enn å bruke pengar på arbeidsløysetrygd, seier Heggø.