Hopp til innhold

Meiner regjeringa stryper asylmottaka

– Kvaliteten på asylmottaka har vorte dårlegare etter at den blå regjeringa tok over, seier Tore Vaagen som er styreleiar i forumet for asylmottaka i Noreg.

Tore Vaagen

KRITISK: Tilhøva ved dei norske asylmottaka har vorte dårlegare etter at den blå regjeringa tok over, seier Tore Vaagen.

Foto: Eirik Haukenes/NRK

– Det blir færre tilsette for kvar asylsøkjar på mottaka. Vidare er det reduserte ressursar til å setje i verk sosiale tiltak på mottaka, seier Vaagen.

Store overskot

På same tid som dei private aktørane tener store pengar på drift av norske asylmottak, legg den blå regjeringa, ifølgje Vaagen, stadig meir vekt på pris enn kvalitet på asylmottaka. Han viser til at aktørar som legg opp til gode tilbod for asylsøkjarane ikkje når opp i anbodskonkurransen.

Det blir færre tilsette for kvar asylsøkjar på mottaka.

Tore Vaagen

Fattige får mindre

Vidare føreslår regjeringa kutt som vil medføre at 590 asylborn mistar barnehageplass. Det blir også kutta i støtta til asylsøkjarar som ventar på å få ein stad å bu ute i kommunane. Vaagen har liten sans for utviklinga.

– Vi må få eit system som betre sikrar at asylsøkjarane har det bra på mottaka, seier han.

Avviser dårleg standard

Medan Vaagen er djupt uroa over situasjonen for asylsøkjarane på mottaka, meiner Hero AS, den største norske aktøren på drift av asylmottak, at forholda på norske asylmottak er god.

– Standarden er ikkje låg på norske asylmottak. Standarden er tvert imot veldig høg, seier administrerande direktør Tor Brekke i Hero. I Sogn og Fjordane er det i dag fem asylmottak.

Standarden er ikkje låg på norske asylmottak. Standarden er tvert imot veldig høg.

Tor Brekke i Hero.

Justisministeren vil ikkje svare

Verken justisministeren eller statssekretæren i Justisdepartementet ønskjer å kommentere saka. Det gjer derimot leiar i Kommunalkomiteen på Stortinget, Helge Andre Njåstad, frå Framstegspartiet.

Ordførar i Austevoll, Helge André Njåstad

FORNØGD: Tilhøva ved norske asylmottak er god, seier Helge Andre Njåstad (Frp).

Foto: Sølve Rydland / NRK

Det er kommunalkomiteen som har ansvar for asylfeltet på Stortinget, og Njåstad svarer følgjande på spørsmål om kvaliteten på mottaka blir nedprioritert til fordel for lågast mogleg pris.

– Vi har fokus på begge deler, seier han.

Men no blir det hevda frå Tore Vaagen, leiaren i forumet for asylmottaka i Norge, at kutta fører dårlegare bemanning og færre sosiale aktivitetar på mottaka. Kva seier du til det?

– Nei, så langt inn i detaljane har ikkje eg gått. Men vi set av ein god sum til drift av asylmottak. Vidare stiller UDI dei krav dei meiner er nødvendige for å drive gode asylmottak, seier han.