Hopp til innhold

Meiner OL-målet er realistisk etter kjempeprestasjonar i NM

Henrik Holmberg tok tre medaljar under NM i Steinkjer i helga. Både prestasjonar, resultat og framgangen gjer at OL-draumen lever vidare.

Henrik Holmberg

NY PERS: Henrik Holmberg (med Vik på drakta) sette ny personleg rekord på 60 meter hekk, men meiner han kunne sprunge endå fortare

Foto: Morten Stene

– Held eg fram med slike skritt som i helga, så er det realistisk. Men det blir tøft, berre dei beste av dei beste kjem med til Rio.

Vikjen Henrik Holmberg sitt langsiktige mål er å delta i tikamp OL i Rio de Janeiro sommaren 2016. I tikamp konkurrerer ein i ti friidrettsøvingar over to dagar. Det er 100 meter, lengdehopp, kule, høgdehopp, 400 meter, 110 meter hekk, diskoskast, stavsprang, spydkast og 1500 meter.

For å nå det målet må det trening til for mangekjemparen. Mykje trening.

– Resultata og prestasjonane i helga er absolutt bra betalt for all treninga, seier han.

– Sjokkert over kor bra det var

Holmberg tok sølv på 60 meter hekk, med ny pers på 8.22, men meiner likevel han har meir å gå på. Høgde, der Holmberg sin pers er 2.05, vart ein tøff konkurranse, som enda med sølv.

– Eg hadde to gode forsøk på 2.08 og eit kjempeforsøk på 2.12. Den gamle storhopparen Håkan Særnblom gav veldig gode tilbakemeldingar. Eg såg videoen etterpå, og høgda var god nok. Eg er sjokkert over kor bra det var, seier Holmberg.

I lengde vart det ein bronse Holmberg meiner burde vore gull.

– Lengde var voldsomt bra, endeleg klaffa det. Bra fart, og eg stemte ikkje så mykje mot. Men eg var 20 centimeter bak planken. Med ei bra fjøl hadde det vore gull.

Henrik Holmberg

MEDALJE: Henrik på pallen under NM for å ta imot eit av sølva.

Foto: Privat

I toppen nasjonalt i fleire øvingar

På lang sikt er OL målet, men vikjen har mange små mål på vegen dit.

– Eg håpar å bli teken ut på landslaget til nordisk meisterskap neste helg. Eg ønsker å delta i to øvingar, seier Holmberg.

Seinare i sesongen er målet Europacuplaget i mangekamp, i tillegg til Universiaden i Sør Korea, verdsmeisterskapen for studentar. Holmberg tek nemleg akkurat no mastergrad ved handelshøgskulen i Bergen. Førre vår satsa han for fullt på friidretten i USA, men det vil han ikkje gjere framover.

– Det blei nesten for mykje. Når eg studerer finn eg ein god balanse som gjer at eg presterer bra på begge arenaane. Slik blir det i vår også. Prestasjonane i helga syner at eg held høgt nasjonalt nivå på mange øvingar. Det er bra.

Andre resultat frå NM: Merete Helgheim vann gull på 3000 meter kappgang, Marius Vedvik tok bronse på 1500 meter, og same Vedvik vart diskvalifisert for å ha hindra ein konkurrent i kampen om sigeren på 3000 meter