Hopp til innhold

Meiner måleriet i bystyresalen minner om drapet på George Floyd

BERGEN (NRK): Ei kvit kvinne trør på eit liggande, mørkhuda menneske. Etter politivald-drapet i USA vil MDG at det 258 år gamle måleriet blir fjerna frå bystyresalen.

Paul Richard Johannessen (MDG) foran maleriet "Rettferdigheten" (1762) av Mathias Blumenthal som heng i bystyresalen i Bergen.

HEILT FEIL: Paul Richard Johannessen (MDG) meiner symbolikken i måleriet ikkje passar i ein bystyresal i dagens situasjon.

Foto: Sjur Dolve / NRK

Videoen av ein kvit politimann som 25. mai drap ein svart mann ved å pressa kneet mot nakken hans, har på få dagar ført til store demonstrasjonar mot rasisme over heile verda.

Bak ordførarplassen i det gamle rådhuset i Bergen henger eit motiv som liknar.

Kunstverket «Rettferdigheten» var eit bestillingsverk til rådhussalen som Mathias Blumenthal måla for kommunen i 1762. Det er også kalla «Justitia Majestata».

Med den globale merksemda rundt rasisme, fekk lokalpolitikar Paul Richard Johannessen (MDG) ei aha-oppleving under eit bystyremøte då han plutseleg såg nærare på måleriet.

– Det gjekk opp for meg at det viser ei kvit kvinne som står oppå ein svart mann som ho har sigra over. Symbolikken fekk meg til å tenka på den systemiske rasismen heile verda snakkar om for tida, seier han til NRK.

BA skreiv om saka først.

– Merkeleg at ingen har reagert før

Han stiller spørsmål ved om det passar å ha eit slikt symbol i bystyresalen.

– Personleg hadde eg ikkje syns det var dumt om måleriet heller hamna på eit museum.

George Floyd døydde då han vart arrestert av Derek Chauvin.

DRAP: George Floyd døydde 25. mai, då han vart trykt ned mot asfalten av politimannen Derek Chauvin.

Foto: Darnella Frazier / AP
Detalj i maleriet "Rettferdigheten" (1762) av Mathias Blumenthal, heng i bystyresalen i Bergen.

RETTFERD ELLER RASISME? Måleriet som heng i bystyresalen i Bergen blir tolka på ulikt vis.

Foto: Sjur Dolve / NRK

Kunsthistorikar Siri Meyer ved Universitetet i Bergen er heilt einig i at biletet ikkje er noko å ha på veggen til byens øvste politiske organ.

– Symbolikken er veldig dårleg tilpassa vår tid. Det er heilt merkeleg at ingen har reagert på motivet før. No burde kunstverket snart bli flytta, seier ho til BA.

– Aldri rasistisk tenkt

Men fagfolka er ikkje samstemte i spørsmålet.

– Eg syns det skal bli hengande, seier direktør Henrik von Achen ved Universitetsmuseet i Bergen til NRK.

– Er det ikkje eit rasistisk bilete?

– Eg ser det ikkje slik. Ein må alltid ta utgangspunkt i samanhengen det vart laga i.

Han viser til at målaren sin eigen tekst om kunstverket frå 1762 er bevart.

Der forklarer Blumenthal at den vakre nymfen personifiserer rettferda – den romerske gudinna Justitia – som trykkjer ei furie under foten. Furiene var i romersk mytologi kvinnelege onde ånder, i følge Blumenthal symbolet på mord, brann, misunning, hat og falskheit.

Henrik von Achen

BØR FÅ HENGA: – Måleriet er eigentleg ei framstilling av lys og mørke. Det har aldri vore tenkt rasistisk, seier museumsdirektør Henrik von Achen.

Foto: UiB

– Figuren er framstilt mørkt fordi den tilhøyrde dødsriket og mørkets rike. Målaren var oppteken av å laga ein motsetnad mellom lyset frå rettferda og mørket frå drap og anna elendigheit. Så måleriet er eigentleg ei framstilling av lys og mørke, seier von Achen.

– Men motivet har ein ekkel klang for mange?

– Det forstår eg, og det må ein ta på alvor. Men det er problematisk viss me utan å tenka på konteksten berre reinskar ut alt som ikkje passar akkurat no. Dette er vår felles kulturhistorie. Og det er openbert at måleriet har aldri vore tenkt rasistisk.

– Kunne det passa betre på museum?

– Det kan godt diskuterast om me vil ha noko som i 2020 passar betre i ein sal for lokaldemokratiet. Men då bør ikkje utgangspunktet vera at Blumenthal sitt måleri er rasistisk, for det er det eigentleg ikkje.

Norsk slavehandel

MDG-politikar Johannessen er ikkje overtydd.

– Eg veit ikkje kva dei tenkte då dette vart måla, men det var ein periode då Europa erobra mange delar av verda og etablerte koloniar overalt. Også nordmenn var med i slavehandel, og verdsbiletet dei hadde den gong stilte kanskje aldri spørsmål ved om det var gale eller ikkje. Dei berre tok det som gitt at dei hadde rett.

Paul Richard Johannessen (MDG) foran maleriet "Rettferdigheten" (1762) av Mathias Blumenthal som heng i bystyresalen i Bergen.

SER UNDERTRYKKING: – Det er på tide å heller finna eit symbol som passar den framtida me ønsker, meiner Johannesen.

Foto: Sjur Dolve / NRK

Partiet hans vil no be bystyret ta stilling til om måleriet bør fjernast frå bystyresalen.

– Eg trur absolutt det er på tide å finna eit symbol som passar den framtida og retninga me har lyst å gå i.

Vil ikkje fjerna det

Ordførar Marte Mjøs Persen (Ap) sit med ryggen til kunstverket når ho leiar bystyremøta, men kjenner måleriet godt. Ho meiner det er ein dårleg idé å fjerna det.

– Uansett om måleriet tolkast rasistisk eller ikkje, vil det å fjerna dette måleriet, ikkje fjerna rasismen. Verken den historiske undertrykkinga Vesten har stått for eller rasismen som går føre seg i dag.

– Men korleis er det å ha eit slikt motiv i bystyresalen?

– Ein av kunstens store fordelar er å få oss til å tenka på ting me ikkje har tenkt før. At Johannessen tolkar det inn i dagens situasjon, er heilt topp. Men eg tolkar nok dette måleriet annleis enn han gjer. At det handlar om rett og gale, mørkt og lyst.

– Er det likevel slåande no etter drapet på George Floyd at bystyresalen har eit bilete av at ein mørkhuda blir trødd ned av ein med kvit hud?

– Det var ein forferdeleg episode. Eg har prøvd men ikkje orka å sjå heile videoen der Floyd blir halden nede i nesten ni minutt. Det er for sterkt å sjå på.

Ordførar Marte Mjøs Persen forlet bystyresalen i Bergen på grunn av koronaviruset

FEIL MEDISIN: – Me kjempar mot undertrykking, men å flytta eit 258 år gamalt måleri fjernar verken dagens rasisme eller kolonitidas slavehandel, meiner ordførar Marte Mjøs Persen (Ap).

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Rasisme i Bergen

– Eg veit at i vårt land og i vår by er det kvar dag veldig mange som blir utsett for rasisme. Både kvardagsrasisme med fordommar, og meir strukturelle problem som til dømes at dei ikkje får jobb på grunn av hudfarge eller framandarta namn. Men eg trur ikkje at det å ta vekk eit over 250 år gammalt bilete vil vera med på å fjerna rasisme.

Ho nemner at Bergen har ein heil bydel, Møhlenpris, kalla opp etter slavehandlaren Jørgen Thormøhlen.

– Skulle me gi bydelen eit nytt namn? Å fjerna spor etter undertrykking tar ikkje vekk undertrykkinga, meiner Persen.

Men eit namneskifte meiner tidlegare fylkespolitikar Tom Sverre Tomren er ein god idé.

– Det er på tide å snakka om den mørke historia bak namnet Møhlenpris, og skifta eller justera namnet. Dette er ikkje ein del av historia som me bør vera stolte av, seier han til BT.

Korrigering: I ein tidlegare versjon omtalte NRK den mørkhuda figuren som 'mann'. I kunstnarens forklaring er figuren ei furie, som er ei kvinneleg ond ånd i romersk mytologi.