Hopp til innhold

Veljarar ser seg leie på at lokalpolitikken druknar i rikspolitikk

FØRDE (NRK): Det er skadeleg for demokratiet når valkampen blir dominert av bompengar og rikspolitikk, meiner Astrid Juklestad (72).

Astrid Juklestad

SKADELEG FOR DEMOKRATIET: Astrid Juklestad trur folk blir leie av at rikspolitikk dominerer i lokalvalkampen.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Den samfunnsengasjerte 72-åringen er bekymra over at nasjonale saker og regjeringskrangel set dagsorden tre veker før kommune- og fylkestingsvalet.

– Bompengesaka er i utgangspunktet ei fillesak som ikkje burde ta heile fokuset i valkampen, seier Juklestad.

Ho meiner dei store mediesakene skuggar for dei lokale sakene. Ho trur konsekvensen kan vere at folk sluttar å bry seg.

– Fokuser på andre saker, elles blir veljarane leie. Dei gidd ikkje høyre på og engasjere seg, seier Juklestad.

Ikkje overraska

Juklestad meiner følgene er alvorlege.

– Det er skadeleg for demokratiet, for folk sluttar å høyre etter, seier ho.

Ho stiller for ordens skuld på 37. og sisteplass på lista til Sunnfjord Venstre.

Heidi Barsnes og Emilie Monsen

VIL HA LEVANDE BYGDER: – For meg er sentralisering det viktigaste. At vi skal ha behalde bygda ikkje alt flyttast til byane, seier student Heidi Barsnes om kva saker ho er opptatt av i valet. Her saman med Emilie Monsen.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Førde-ordførar Olve Grotle (H) og ordførarkandidat i nye Sunnfjord kommune er ikkje overraska over at nokon meiner det blir for mykje rikspolitikk.

– Det er kanskje litt uheldig, fordi det lett kan stenge for saker som vi lokalpolitikarar og veljarane er opptekne av, seier han.

Må dekke ei regjeringskrise

Kommentator i Bergens Tidende, Jens Kihl, meiner det er nokre saker som må dekkjast – lokalvalkamp eller ei.

– Vi er nesten på randa av regjeringskrise, då er det vanskeleg å kome utanom, seier han.

Han er samd i at bompengesaka har dominert mykje i bergensavisene.

– Det er særleg fordi vi har Bergen som eit dekningsområde, i tillegg dekkjer vi det som skjer rikspolitisk. Men les du Hordaland, Sunnfjordland, Firda, ser ein at det er Engebøfjellet, samferdsel og ferjetilbod som dominerer. Så eg trur det er litt etter kven ein spør.

Jens Kihl, politisk kommentator i Bergens Tidende

KJEM GREITT UT: – Ein ser jo at noko av det veljarane lurer mest på, handlar om nettopp bompengar. Vi må dekke regjeringskrisa, og så må vi prøve å vere gode på å dekke resten også, seier BT-kommentator Jens Kihl.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Kihl er klar på at journalistar speler ei viktig rolle for at veljarane kan gjere seg opp kvalifiserte meiningar før eit val.

– Eg trur vi kjem ikkje å verst ut av det i sum, seier Kihl.