– Slakt av etterforskinga i Monika-saka truar tilliten til politet

Politiforskar meiner nordmenn har vanlegvis sterk tillit til politiet, men den vert svekka når det vert avdekka systemsvikt.

Pressekonferanse

FRYKTAR: Politimeister Geir Gudmundsen (t.v.) fryktar at gårsdagens knallharde dom over dårleg politiarbeid vil svekka tilliten til Hordalandspolitiet.

Foto: NRK

– Om ein kan få ei mistanke om at det faktisk handlar om systemet eller metodane politiet bruker, så vil ein enkelsak kunne påverke den generelle tilliten til politiet, seier forskar Marit Egge på politihøgskulen.

Og det var nettopp systemet og etterforskingsmetodane som svikta, ifølgje rapporten som Riksadvokaten fekk overlevert i går.

Den åtte år gamle Monika Sviglinskaja vart funnen død heime i Sund i 2011. Politiet i Hordaland konkluderte med at ho hadde tatt livet sitt og henla saka. Politiet har fått sterk kritikk for etterforskinga.

I dag konkluderte Riksadvokatens arbeidsgruppe at «kvaliteten på politiets etterforskning av Monika-saken var mangelfull.»

Marit Egge

TRUAR TILLITEN: Politiforskar Marit Egge trur at slakt av etterforskingsmetoden i Monikasaka truar tilliten til Hordalandspolitiet.

Foto: Jon Strype

«Vår klare oppfatning er at etterforskningsledelsen sin hovedteori om selvdrap virket begrensende på etterforskningen», skriv arbeidsgruppa som har granska politiet sitt arbeid i Monika-saken.

Bestemte seg for feil teori

Etterforskinga havarerte fordi politiet altfor tidleg bestemte seg for ein feil teori om at 8 år gamle Monika hadde tatt sitt eige liv heime. Det slo førstestatsadvokat Bjørn Soknes fast etter å ha leia rapportarbeidet.

– Det låg føre mange tiltak som ikkje var følgt opp etterforskingsmessig, som burde vore følgt opp, mange manglar og til dels alvorlege manglar i etterforskinga, seier Soknes.

Kan svekke tilliten til politiet

Politimeister Geir Gudmundsen fryktar at gårsdagens knallharde dom over dårleg politiarbeid i Monikasaka vil svekka tilliten til Hordalandspolitiet.

– Det er sjølvsagt noko eg forstår folk stiller spørsmål med. Vi trur og meiner at vi generelt leverer godt politiarbeid og håper jo at vi gjennom eit arbeid som har høg kvalitet over tid kan greie å opprette igjen den tilliten, seier Gudmundsen.

Men nettopp at rapporten slaktar arbeidsmetodane og manglande kvalitetssikring i Monikasaka, gjer tilliten til Hordalandspolitiet ekstra sårbar.

– Om publikum trekker den slutninga at det kan skje i andre saker eller at det er på denne metoden politiet i Hordaland jobbar, så vil det slå ut på den generelle tilliten, meiner forskar Egge.