Hopp til innhold

Meiner kommunane bør tvingast til å busette flyktningar

Tusenvis av flyktningar ventar i uvisse på asylmottak over heile landet fordi mange kommunar seier nei til å busette dei. Medan ordførarane i Stryn og Eid er mot tvang, meiner rådmann i Høyanger, Arve Varden, at det er vegen å gå.

Arve Varden

VIL HA MEIR TVANG: Rådmann i Høyanger, Arve Varden, meiner meir tvang bør til for at kommunane skal ta ansvar for å busetje flyktningar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det er ei kjent sak at mange av dei som sit på mottak ikkje kjem seg ut, fordi kommunane ikkje vil ta imot dei, seier han.

Staten avgjer sjølv i kva kommunar nyoppretta asylmottak skal liggje. Men når det gjeld busetting av flyktningar ute i kommunane, har kommunane vetorett. Dette har ført til at altfor mange flyktningane blir sitjande lenge på asylmottaka.

Har ikkje tru på tvang

Sven Flo

IKKJE VEGEN Å GÅ: Det seier ordførar Sven Flo i Stryn om å innføre meir tvang.

Foto: Silje Guddal / NRK

Dei ulike haldningane til problemstillinga kom klart til syne under eit stort møte om flyktningsituasjonen i fylket i Førde onsdag.

– Tvang er ikkje vegen er gå, då mistar kommunane fullstendig styringa på prosessen. Men myndigheitene kan stimulere det langt betre enn dei gjer i dag, ved hjelp av økonomiske bidrag, meiner ordførar i Stryn, Sven Flo (H).

Heller ikkje ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V), vil ha tvang.

– Eg har ikkje tru på det som verkemiddel. Eg støttar den linja vi ligg på i dag der ein gjer det frivillig frivillig, men skal det fungere er vi avhengige av at alle kommunane stiller opp.

– For dårleg kommunikasjon

Alfred Bjørlo, Venstre i fylkestinget

HAR IKKJE TRUA: Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Varden meiner kommunikasjon mellom dei statlege direktorata UDI og IMDI, som begge administrerer asyl- og flyktningpolitikken, er for dårleg.

– Eg trur det hadde blitt eit betre tilbod om dei hadde snakka saman og visst om kvarandre. Slik ein les i Firda og høyrer på NRK er Førde i ferd med å få sitt tredje mottak, medan mange kommunar framleis ikkje har mottak. Då er det noko som ikkje stemmer. I tillegg skal Førde busetje dei som sit i mottaka, seier han.

Assistarende regiondirektør i IMDI, Halwn Ibrahim, avviser kritikken frå Varden.

– IMDI har ein god dialog med UDI. Men vi jobbar med to ulike oppgåver. Vår oppgåve er å oppmode kommunar om å busetje flyktningar med opphaldsløyve, medan UDI skal skaffe mottaksplassar til asylsøkarar som ventar på å få søknaden behandlar. Vi kjenner ikkje oss att i at vi ikkje har dialog, seier han.

Opnar for tilrettelagt tvang

Oddmund Klakegg

OPEN FOR TVANG: Ordførar i Jølster, Oddmund Klakegg (Sp).

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Sp-ordførar i Jølster, Oddmund Klakegg, vil ha tvang, men meiner regjeringa må skaffe kommunane større statlege overføringar, skal dei busetje fleire flyktningar.

– Kanskje berre om lag 90 prosent av dei utlegga som kommunane har med å busetjing og integrering, blir dekka av staten. Då går dette ut over andre tenester som kommunane skal yte til sine innbyggjarar. Då er det ein god del kommunar som vegrar seg, seier han.