Meiner kollektivkutt er uansvarleg

I dag vedtar fylkesting budsjettet for 2019 og økonomiplanen for dei neste fire åra. Ap, KrF, Sp og SV vil som kjent ikkje auka kollektivprisane, slik fylkesrådmannen føreslo. Høgre set spørsmålsteikn ved om budsjettforslaget er ansvarleg. – For koalisjonen er det ei sterk målsetjing å gjera det attraktivt å reisa kollektivt. Difor må prisane haldast nede, seier gruppeleiar for Arbeidarpartiet, Roald Kvamme.

Roald Kvamme
Foto: Sølve Rydland / NRK