Hopp til innhold

Meiner barselomsorga er for dårleg: – Du er ei slags rugemaskin

Jeanett Ljostveit fekk fødselsdepresjon og gap mellom magemusklane etter fødslar. Ho er ei av fleire som meiner barselomsorga i Noreg ikkje er god nok.

Jeanett Ljostveit

BARSEL: Jeanett Ljostveit har hatt same erfaring etter begge sine svangerskap. Ho meiner helsevesenet ikkje bryr seg etter at ein har født. Her er ho med tvillingane Eris og Juno.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal

– Med ein gong barna var ute av kroppen, så var det berre dei som var i fokus. Det var ingen som spurte «korleis går det med deg?», «korleis taklar du å bli mamma igjen?» eller «har du plager eller smerter?», seier trebarnsmor Jeanett Ljostveit.

Ljostveit skildrar at ho hadde eit godt støtteapparat då ho var gravid. Dersom noko skulle skje, var ho trygg på at nokon var der for å ta imot ho.

Men då ho hadde født, forsvann den tette oppfølginga plutseleg. Det er erfaringa ho sit att med etter begge sine fødslar.

Etter første fødsel fekk ho ein alvorleg fødselsdepresjon. Etter den andre, ein tvillingfødsel, fekk ho diastase, slik at ho no har eit seks centimeter stort gap mellom magemusklane.

– Då eg hadde født og det først skjedde noko, så var det ikkje noko støtteapparat lenger.

Jeanett Diastase

Dette biletet delte Ljostveit på Instagram. Ho har ikkje stort nok mellomrom mellom magemusklane til at ho kan få dekka operasjon.

Foto: Privat

– Ein slags rugemaskin

Ljostveit har delt erfaringa si på instagramkontoen sin.

– Støtteapparatet finst berre medan du har barnet i magen. Då er du viktig, fordi du er ei slags rugemaskin for eit nytt menneske. Så fort det nye mennesket er kome ut av kroppen, så er ikkje du viktig lenger. Då er det berre barnet det handlar om, seier ho.

Ho spurte følgjarane sine om dei hadde liknande eller andre problem etter å ha fått barn, som dei ikkje fekk hjelp til.

Då rann det inn med meldingar.

Andrea:Etter fødsel og grad 2 revning har det gjort vondt ved samleie hvr gang. Både før og etter, noe som også har gitt blødning ved hver gang... sexlivet er så og si ikke eksisterende da det tærer på å vite at det blir vondt lenge. Vært hos gynekolog i etterkant på egen regning, men hun syns alt så normalt ut og mente jeg måtte gi kroppen litt lenger tid... 1 år siden fødsel og jeg savner å være vanlig i forholdet, det tærer på begge to når det er sånn 😢
Trine:Æ fekk nedseggi blære ætti fødseln! (Blæreprolaps muligens) fikk beskjed om å prøv å hold mæ, sjøl om d skoill ingenting t før æ tissa mæ ut 🙈 d va den hjelpa!
Lisa:Psykisk hjelp etter fødsel!! Hadde en traumatisk fødsel som har preget meg såpass at jeg nå 4 år seinere fortsatt ikke tør å bli gravid igjen - selv om ønsket er stort.. Fikk tilbud om å snakke med en prest..(?!) Samt henvist til psykolog med den ventetiden det innebar - det ble for seint for min del. Jeg trengte hjelp der og da, ikke et halvt år etterpå..
Kari:På 6ukers kontroll hos fastlegen spurte jeg om han kunne sjekke om jeg har diastase og anbefale hvordan jeg kan trene (jeg leste jo at det kan bli dårlig av feil trening). Han hadde aldri hørt om diastase. Og rådet hans var at han har aldri hørt om sånne problemer etter fødsel jeg skulle bare gjøre whatever (med litt fornuft). jeg følte at det var bagatellisert....
Pia:Halebeinssmerter.... Oppsto under graviditet og knekt under fødsel. (...) Fikk beskjed av en fysioterapeut at jeg ikke måtte sitte så mye. Fikk 3 barn på 3 år. Ikke så mye tid til å sitte, og ikke klarte jeg å sitte heller. Ble møtt av mye uvitenhet og fordommer.

Ei mor fortel at då ho endeleg kom seg til psykolog, var beskjeden at psyken hennar var god i botn. Ho fekk tilrådd aupair og ei sjølvhjelpsbok.

Fleire har skrive at dei ikkje veit om dei torer å få fleire barn. Ljostveit fekk over femti historier i innboksen.

– Fellestrekka er at dei ikkje blir høyrde, at plagene deira blir bagatelliserte eller at dei får beskjed om å ta tida til hjelp, seier Ljostveit.

– Det har svikta i fleire ledd

Denne opplevinga er ikkje Ljostveit åleine om, ifølgje Jordmorforeningen.

– Me har varsla i mange år om at barselomsorga har vore ein salderingspost, og at det absolutt ikkje er eit godt nok tilbod, seier leiar Kari Aarø.

Leiar i jordmorforeninge, Kari Aarø.

Leiar i Jordmorforeningen, Kari Aarø.

Foto: Synne Sørenes

Dei har høyrt mange stemmer frå brukarar som ikkje føler seg sett, og som føler at dei blir skyvde ut av sjukehuset og ut i ingen tilbod. Aarø peikar på at når liggetida på sjukehuset har gått ned frå 4 til 2,6 døgn, så krev det meir av kommunane.

– Det er meininga at kommunane skal stå rusta til å ta imot dei og tilby heimebesøk. Men det har dei verken kapasitet eller økonomi til. Her har det svikta i fleire ledd.

Ønskjer eit fastlagt løp

Då Ljostveit fekk sitt første barn, hadde ho ein fin graviditet.

Ho såg ikkje føre seg at det kom til å bli noko problem etter fødselen. Så fekk ho ein alvorleg fødselsdepresjon.

– Når du først står midt i det, så har du ikkje krefter til å stå opp for deg sjølv. Då er det veldig vanskeleg å be om den hjelpa, seier ho.

Ho ser føre seg ein idealsituasjon med eit fastlagt løp etter fødsel, på same måte som i svangerskapet.

– Hadde me berre hatt to faste oppfølgingar, så kunne dei som har behov blitt plukka opp og fått tilbod om hjelp.

I dag er oppfølginga slik at etter at du reiser frå sjukehuset, så er det tilrådd at jordmor kjem på heimebesøk innan to døgn. Det er òg tilrådd at du sjølv bestiller time hjå fastlegen seks veker etter fødsel.

Ifølgje Aarø er det stor variasjon i kva kommunane tilbyr.

Dei siste åra har stadig fleire fått heimebesøk. Tal frå SSB viser at 53,2 prosent fekk heimebesøk av jordmor innan tre døgn etter heimkomst. I 2021 vart det født 56.060 born i Noreg. Det betyr at rundt 26.000 kvinner ikkje fekk heimebesøk.

Bergen kommune, der Ljostveit bur, tilbyr heimebesøk.

Les også Her tar helseministeren imot kravene fra Barselopprøret

Helseministeren mottar kravene.

– Det kan skje at nokon ikkje får heimebesøk. Det er me ikkje nøgde med. Målet vårt er å tilby det til alle, seier Aina Holevik, jordmor og rådgjevar i kommunen.

Aarø i jordmorforbundet fortel at medlemmane i organisasjonen er fortvila.

– Regjeringa seier dei satsar på kvinnehelse. Barsel er absolutt kvinnehelse. Vår oppmoding til helseministeren er at me får nye modellar som gir kontinuitet i omsorga, seier ho.

Meiner barselomsorga er god

Jordmorforeningen meiner det er på tide å sjå på nye modellar, der eit team følgjer dei fødande i svangerskap, fødsel og barsel. Dei viser mellom anna til ein stor studie frå Oslo Met.

– Studien viser at kvinner som har født ønskjer ei meir nær omsorg, seier Aarø.

Det er eit arbeid som er i gang, ifølgje Karl Kristian Bekeng i Helse- og omsorgsdepartementet.

Jeanette Ljostveit

Jeanett Ljostveit etterlyser eit meir fastlagt løp etter fødsel.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal

Helse- og omsorgsdepartementet jobbar no med ein nasjonal helse- og samhandlingsplan. Her inngår barselomsorga.

– Hurdalsplattformen nemner at me skal sjå på bemanning, finansiering og organisering. Målet handlar om å skapa eit heilskapleg føde- og barseltilbod, slik at ein opplever at det er ei samanhengande teneste, seier han.

Han peikar på at det blir brukt mykje ressursar på barselomsorg, men særleg på dei som har store utfordringar etter fødsel.

– Eg vil seia at det jamt over er ei god barselomsorg. Det kan vera ein del som meiner det skal vera eit breiare allmenntilbod. Det er ein av tinga me kan sjå på når me jobbar med helse- og samhandlingsplanen.

– Me mistar arbeidskraft

Etter at ho fekk tvillingar, har Ljostveit hatt seks centimeter mellomrom mellom magemusklane.

– Det inneber at kvar gong eg et, så ser er gravid ut. Det er ingenting som held ting på plass, og magen bular ut, seier Ljostveit.

For nokon trekkjer magemusklane seg saman igjen av seg sjølv. Dersom dei ikkje gjer det, kan ein gjera eit inngrep der magemusklane blir sydde saman. Ljostveit sitt mellomrom og dei fysiske plagene hennar er ikkje store nok til å få inngrepet dekka.

– Alternativet er å fiksa det privat, men det er ikkje noko eg har råd til i eit liv med tre små barn.

Ho meiner omsorga ein har for barselkvinner i Noreg er skammeleg. Ho fekk over femti meldingar på Instagram, der kvinner viste til små og store, fysiske og psykiske plager.

– Me blir oppmoda om å få fleire barn, samtidig som det ikkje er noko form for sikkerheitsnett for å plukka deg opp om det skulle gå gale når du får barn.

Ho peikar på at fleire av dei som skreiv til ho ikkje lenger kan jobba i fulle stillingar.

– Me mistar arbeidskraft på grunn av plager som kjem frå fødsel, så om det er eit spørsmål om pengar, så tenkjer eg at me taper veldig mykje på at me ikkje får den oppfølginga.

Jeanett Ljostveit

– Eg gjekk inn i det å få barn på ein veldig naiv måte. Hadde eg visst meir om kva som kan skje, så trur eg kanskje ikkje eg hadde turt å få barn, seier Ljostveit.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal

Hei!

Takk for at du las heile saka eg har skrive. Har du innspel til saka? Har du liknande opplevingar eller har du kanskje fått tett oppfølging i barseltida? Eller har du kanskje noko heilt anna på hjartet? Då vil eg gjerne høyra frå deg!