Hopp til innhold

Meiner helseministeren må gripe inn om det blir nei til dagkirurgi

– Helseministeren må gripe inn om Helse Vest seier nei til dagkirurgi i Nordfjord, seier fylkesleiar Frank Willy Djuvik i Framstegspartiet.

Nordfjord sjukehus/Frank Willy Djuvik

STERKE REAKSJONAR: Før helga sa fleire sentrale styremedlemer i Helse Førde at dei ikkje vil starte opp dagkirurgi på Nordfjordeid. Frank Willy Djuvik (Frp) tykkjer det er håplaust at enkelte vil gå mot tilbodet.

Foto: Ottar Starheim,NRK/Alf Vidar Snæland

Før helga sa fleire sentrale styremedlemer i Helse Førde at dei ikkje vil starte opp dagkirurgi på Nordfjordeid, trass i at departementet har signalisert det motsette. Det vekkjer sterke reaksjonar.

– Det er ganske håplaust av styremedlemmer i Helse Førde å gå imot dagkirurgi. Eg trudde faktisk at Helse Førde skulle gi best mogleg helsetenester, seier Frank Willy Djuvik.

Vil kjempe for tilbodet

Frp varslar kamp for dagkirurgi ved Nordfjord sjukehus. Lokalsjukehuset er ein nasjonal pilotmodell, og i konklusjonane til rapporten om framtidas lokalsjukehus står det at dagkirurgi vil vere fornuftig. Også tidlegare helseminister Jonas Gahr Støre har støtta dette.

Men etter det NRK forstår vil Helse Førde-styret gå i mot. Under styremøtet sist fredag var medlemmane Anni Felde og Geir Berge Øverland tydelege.

«Vi har eit ansvar for andre tenester også» og «fagleg sett er det ingenting som talar for det», sa dei.

– Statsråden må gripe inn

Det er Helse Vest som skal konkludere i saka, medan Helse Førde skal uttale seg i eit styremøte i januar. Frank Willy Djuvik meiner helseministeren må overprøve eit eventuelt nei.

– Skulle dei komme til ei anna avgjerd enn det i alle fall Frp har sagt, kjem vi til å jobbe veldig for at helsestatsråden skal gripe inn og overprøve det vedtaket.

Meiner det er vektige argument for tilbodet

Alfred Bjørlo

TRUR PÅ TILBODET: Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo frå Venstre, forventar at tilbodet kjem på plass.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Også ordførar Alfred Bjørlo i Eid frå Venstre forventar at tilbodet kjem på plass.

– Det er merkeleg å høyre styremedlemmer uttale seg som om utviklingsprosjektet aldri har funne stad og som det ikkje er noko dei har noko forhold til.

Helseministeren kunne i går ikkje kommentere saka. Men i Stortinget sin spørjetime i november, sa Bent Høie frå Høgre at det er vektige argument for dagkirurgi i Nordfjord og at styringssignala frå Gahr Støre er uendra.

Stortingsrepresentant frå Høgre Bjørn Lødemel vil likevel ikkje forskottere saka, sjølv om også han er positiv.

– Eg håper vi finn ei god ordning på dette også i framtida, seier han.