Hopp til innhold

Meiner Frp prøvar å fiske veljarar

Framstegspartiet peikar på kommunar der dei har få veljarar når dei vil legge ned vidaregåande skular. Fylkesleiar Hege Lothe i SV meiner Frp med dette prøvar å fiske veljarar.

Hege Lothe

KRITISK TIL Frp-FORSLAG: Fylkesleiar Hege Lothe i SV meiner Frp er ute etter å fiske stemmer.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Frp har lansert ein alternativ modell for kva for nokre skular dei vil legge ned. Hege Lothe meiner den fell sterkt saman med nedlegging i kommunar med dårleg oppslutnad.

– Med slike raske prosessar som Framstegspartiet har hatt no, tippar eg at dei har sett kor dei er svake og kor dei er sterke, seier fylkesleiaren i Sosialistisk Venstreparti.

– Vi trekte på smilebandet

Trude Brosvik

TRUR DET ER SAMANHENG: Trude Brosvik (KrF) trur det er ein samanheng mellom oppslutnad og forslag til kutt.

Foto: Bård Siem / NRK

Alt juni neste år kan Fylkestinget ha bestemt seg for å legge ned fleire vidaregåande skular her i fylket

Norconsult har lage tre modellar for framtidas skulestruktur, i to av dei er særleg Luster, Jølster, Høyanger og Stryn utsett.

Men i Frp sin eigen modell er Høyanger og Stryn bytta ut med Dale og Firda vidaregåande i Gloppen. Dette er også kommunar der Frp har svært lita støtte frå før.

Også KrF-politikar Trude Brosvik trur det er ein samanheng.

– Ja, vi trekte vi litt på smilebandet då Frp-modellen kom. Det var så veldig tydeleg knytt opp til kvar dei var sterke og svake. seier Brosvik.

Trur dei har tenkt taktisk

Hege Lothe i SV meiner det fins mange grunnar til å tru at Frp har teke veljartaktiske omsyn når dei lanserte ein eigen skulemodell.

– Eg trur at det er ein samanheng. Framstegspartiet kom med denne modellen så raskt at eg trur ikkje trur dei har hatt tid til å køyre ein god prosess på ein ny modell. Når ein ikkje har tid til det, blir kommunen der ein står svakt organisatorisk, mest utsette, trur ho.

Avviser kritikken

Frank Willy Djuvik

AVVISER: Frank Willy Djuvik seier dei ikkje har tenkt taktisk, men praktisk.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Alt i valkampen gjorde politikarane det klart at det kan gå mot skulenedleggingar denne perioden. Den gongen sa Framstegspartiet at det ikkje var politikarane, men elevane som skulle avgjere skjebnen til skulane.

– Vi veit ikkje beste som sit på Hermansverk. Elvane og næringsliv i kommunane veit dette best, sa han den gongen.

Men Frank Willy Djuvik vil i dag ikkje ta kritikk, han avviser at han no tenkjer taktisk for å sanke veljarar. Djuvik meiner kritikken er feilslått, og ikkje høyrer heime i ei så viktig sak.

– Det fell på si eiga urimelegheit. Luster er ein av dei sterkaste kommunane våre, og skulen her var ein av dei vi føreslo nedlagd. I Høyanger har vi låg oppslutnad, men vi ville behalde denne skulen.

Har sett i kartboka

Han seier dei har sett på skulebruksplanen, men at dei ikkje har konkludert med noko.

– Vi bad om ei ekstra saksutgreiing, som viser andre alternativ. Vi har sett i kartboka, og mellom anna sett av Firda vidaregåande skule på Sandane ligg veldig nær andre skular.

Kan ha stor innverknad

Denne veka bestemte planutvalet å forkaste Frp sin modell og heller gå vidare med Norconsult sine modellar, og i tillegg greie ut følgjene av å bevare dagens struktur.

NRK har snakka med fleire politikarar som ikkje trur partitaktiske omsyn til slutt vil avgjere skulesaka, men samstundes kan sterke lokallag i kommunane ha stor innverknad på eit parti sin politikk, seier Trude Brosvik.

– Det er klart at lokallaga i eit kvar parti har makt, seier ho.