Hopp til innhold

Meiner folk stoler for mykje på mobiltelefonen i fjellet

LEIKANGER/FLORØ (NRK): Denne sommaren har fleire gått i fjellet enn nokon gong, men mange er ikkje godt nok sikra mot naudstilfelle. Det meiner fylkesberedskapssjef.

Haavard Stensvand, sikringsradio

KAN HJELPE: Sikringsradioen kan hjelpe dei som er i naud i fjellet med å kome i kontakt med ein 110-sentral.

Foto: Ole Kollstrøm Heilevang / NRK

– Eg trur nok folk stolar veldig på mobiltelefonane sine, at det uansett skal vere råd å ringe eller sende meldingar. Dette er ein tryggleik som ikkje nødvendigvis er der, og då kan Sikringsradioen vere eit supplement for dei som er i naud.

Sikringsradio Leikanger

NY SENDAR: Det er no på plass ein ny sendar på Kjeringafjellet.

Foto: Ole Kollstrøm Heilevang / NRK

Det seier fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand i Sogn og Fjordane. Han er på Kjeringafjellet i Leikanger, der Sikringsradioen sin sendar skal bytast ut etter å ha vorte treft av eit lynnedslag.

Den er ein av 170 sendarar plassert i terrenget rundt om i landet. Totalt har minst 17.000 personar i Noreg sikringsradio. Radioen har ein eingangskostnad pluss eit abonnement som kostar om lag 250 kroner i året.

Rekordmange i fjellet

Det fine sommarvêret har ført til at fleire enn nokon gong går i fjellet, og hyttene til DNT fortel om besøksrekordar. Minutt for minutt-sendingane med Lars Monsen har også auka interessa for den norske fjellheimen. Stensvand skulle ønske fleire av fjellturistane visste om tilbodet Sikringsradioen kan gje.

– Generelt trur eg ikkje det er særleg god kunnskap om dette. Alle ordningar som kan bidra med å spreie kunnskap, eller mogleggjere utlån av radioar er noko eg vil heie på, seier han.

Haavard Stensvand

– FLEIRE BURDE VETE: Haavard Stensvand meiner fleire burde vite om sikringsradioen.

Foto: Ole Kollstrøm Heilevang / NRK

Testa i praksis

Per Henjum er leier i lokalradiolaget i Leikanger. Han har sjølv opplevd å få bruk for Sikringsradioen i eit område utan mobildekning.

Per Henjum, sikringsradio

FEKK BRUK FOR RADIOEN: Per Henjum fekk kontakt med Alarmsentralen utan mobildekning

Foto: Ole Kollstrøm Heilevang / NRK

– Eg var på veg heim frå fjellet då ei tysk dame fall 100 meter framfor meg. Eg er med i Raude Kors, og såg raskt at ho var skadd. Eg fekk kontakt med Alarmsentralen, som sette meg vidare til AMK. Redningshelikopteret var her etter ein liten time, seier han.

Når det vert sendt ut eit naudsignal over Sikringsradioen kjem det til næraste 110-sentral. For Sogn og Fjordane er dette Alarmsentralen i Florø, der vaktleiar Espen Rysjedal får opp informasjon om eigaren av radioen. Rysjedal meiner Sikringsradioen kan vere nyttig for fleire.

– Folk som jobbar ute i skogen, til dømes linjearbeidarar eller bønder som driv sauesanking. Jegerar kan også bruke den.

Espen Rysjedal

KJEM HIT: Naudsignal som vert sende over sikringsradioen kjem til Espen Rysjedal og dei andre ved Alarmsentralen i Florø.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Også svake signal går gjennom

Lars Jonny Røysum var med som teknikar då sendaren skulle bytast ut. Han seier det er fleire etatar rundt om i landet som har investert eller vurderar å investere i Sikringsradioen som eit tillegg til Naudnettet.

– Dette er eit analogt system, medan naudnettet er digitalt. Analoge system har god rekkevidde, sidan svake signal kan gå gjennom, medan digitale system kuttar brått.

Lars Jonny Røysum, sikringsradio

TEKNIKAR: Lars Jonny Røysum var med på å byte ut sendaren på Kjeringafjellet.

Foto: Ole Kollstrøm Heilevang / NRK

– Eg meiner i alle fall at ein ikkje bør stole på mobiltelefon i høgfjellet. Ein må ha dekning uansett, men Sikringsradioen kjem fram mange stadar mobilnettet ikkje har sjanse, seier han.