Dei siste åra har eit forsøk med berre ein norskkarakter blitt prøvd ut på fleire vidaregåande skular landet over. I dag får elevane tre karakterar i norsk, og lærarane må kvar termin setje karakterar i hovudmål, sidemål og munnleg.
Over 190 vidaregåande skular og ungdomsskolar har no over tid prøvd ut anten ein eller to karakterar i staden for tre.
Tilbakemeldingar frå skular i Hordaland som har forsøkt seg med berre ein norskkarakter, er så langt berre gode.
– Vi har ikkje gjort noko systematisk evaluering her lokalt, men så langt eg veit har vi berre fått positive tilbakemeldingar, seier seksjonsleiar Linda Farestveit i Hordaland fylkeskommune.
Tilbakemeldingar andre stader i landet har også vore positive.
Skal motivera elevane
Eitt av måla med forsøket er å gjera norskfaget meir motiverande for elevane. For mange elevar slit med sidemålsundervisninga.
– Det er ofte vanskeleg å halde meg oppe i eit skriftspråk som eg ikkje er van med, seier elev Thomas Skjelvik Larsen.
– Det er veldig greitt at vi får variasjon i norskundervisninga, og at vi ikkje berre skriv på bokmål, men også lærer nynorsk, seier medelev Julie Skøld Elvsaas.
Begge går på Sandsli vidaregåande, som er ein av skulane som har prøvd ut ordninga med felles norskkarakter.
Norsklærar Yngvild Bøe meiner forsøket er ein suksess.
– Dette betyr at vi i staden for å setje tre karakterar, gir elevane ein samanslått karakter i norsk.
– Kva betyr denne ordninga for sidemålsundervisninga?
– Det vi gjer er at vi jobbar like mykje med hovudmål og sidemål. Eg trur dette er ei styrking av sidemålsundervisninga, svarar Bøe.
- Ytring: «Valfritt sidemål er sjølvmål»
Lærar Yngvild Bøe er svært nøgd med forsøket på ein karakter i norsk.
Foto: Siri Løken / NRKMållaget er skeptiske
Nynorsksenteret, som er det nasjonale ressurssenteret for nynorsk i opplæringa, har følgt 25 av skulane som er med på prosjektet. Dei meiner også at ordninga gir betre vilkår for sidemålsundervisninga.
Men Noregs Mållag er likevel avventande. Dei fryktar at nynorsk som sidemål skal få mindre plass i undervisninga.
– Vår uro har vore å sikre at nynorskkompetansen er den same når dei skal ha karakter på VG3. Det er det viktigaste for oss, seier leiar Marit Aakre Tennø.
Mållaget ventar på ein meir fullstendig evaluering av prosjektet frå Utdanningsdirektoratet. Men i haust har forsøket blitt utvida til ungdomsskular også.
Tennø i mållaget er skeptisk til at fleire ungdomsskular har blitt med på prosjektet denne hausten, sjølv om forsøket ennå ikkje er skikkeleg evaluert.