Hopp til innhold

Meiner forbod mot basehopping er nyttelaust

Eit forbod mot basehopping i Aurland er bortimot nyttelaust. Det meiner politimeisteren i Nordmøre og Romsdal politidistrikt, som sjølv handterer forbod mot hopping i Trollveggen.

Politimeister Arnstein Nilsen om forbod mot basehopping

NYTTELAUST: Politimeister Arnstein Nilsen i Nordmøre og Romsdal politidistrikt meiner eit forbod mot basehopping er bortimot nyttelaust. Det er umogleg for politiet å kontrollere, seier han.

– Eg er mot lovforbod når det gjeld basehopping, seier politimeister Arnstein Nilsen til NRK.no.

Men nettopp spørsmålet om forbod mot basehopping er no oppe i Aurland. Sidan slutten av juli har tre basehopparar mista livet etter tragiske ulukker i kommunen.

Nilsen meiner det er håplaust å handtere eit slikt forbod.

– Politiet har ingen moglegheit til å kontrollere det som skjer. Difor blir det heilt meiningslaust, seier han til NRK.no.

Hoppar, trass forbod

I Trollveggen i Romsdalen kom det eit forbod mot basehopping i 1986. Det skjedde etter fleire dødsfall og mange vanskelege redningsaksjonar.

Men framleis vert det gjennomført fleire tusen hopp, og fleire har omkome.

Restriksjonar eller forbod mot basehopping er eit tema fleire har teke opp i Aurland den siste tida.

På kort tid har tre menn mista livet etter at dei har kasta seg ut frå fjell i den vesle kommunen.

I slutten av juli omkom ein 25 år gamal mann frå Florø etter ei basehoppulukke ved Skjerpi. Berre ein månad seinare miste ein 40 år gamal mann livet i ei ulukke ved fjellet Fetanipa. Og i helga skjedde det igjen, ein mann mista livet etter basehopping i Vassbygdi.

Bygdefolket vil ha slutt på hoppinga

Redningsaksjonane har vore omfattande og i farefullt terreng. Det vil bygdefolket ha slutt på, seier Mons Loven i Vassbygdi.

– Her er mange no etter kvart som har byrja å meine at vi må prøve å forby dette. Eg håpar kommunen tek tak i det og gjer det dei kan for å få stogga det, sa han til NRK.no i går.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

På halvannan månad har tre basehopparar omkomme i Aurland kommune. 
No vil ordføraren innføra restriksjonar.

SJÅ TV-SAK: I sommar har tre basehopparar mista livet i Aurland. No ynskjer innbyggjarane forbod mot ekstremsporten.

– Dette er ikkje noko vi kan leve med

Også ordførar i Aurland, Noralv Distad, meiner noko må skje. Han vil ikkje lenger utsette hjelpemannskapet for risikoen med farefulle redningsaksjonar. I går sa han at kommunen vil utarbeide restriksjonar mot hopping saman med Justisdepartementet.

– Det eine kan vere ei moglegheit for at det enkelte plassar blir lagt ned forbod mot å hoppe.

– Det andre er å vurdere ting som sertifikatordningar, meldeplikt og slike ting. På den måten kan ein få dette inn i meir ordna former enn vi opplever at det er i dag. I dag er det opp til kvar enkelt hoppar kvar han skal hoppe.

– Når det skjer så mange ulukker som vi har sett i vår kommune no, er det noko vi ikkje kan leve med, slo ordføraren fast.

Politiet: – Vi kan ikkje forby det

Konstituert politimeister i Sogn og Fjordane, Ronny Iden, forstår at bygdefolket er uroa for fleire ulukker. Likevel er det vanskeleg å forby hopping.

– Vi har ikkje høve til å forby basehopping. Ein kan sjølvsagt i nokre område, heilt kortsiktig bruke politilova for å avgrense dette.

– Men det er ikkje aktuelt, og vi har heller ikkje noko heimel til å forby basehopping i eit større område, seier Iden til NRK.no.

Nektar utsetje redningsmannskap for risiko

Politimeisteren i Nordmøre og Romsdal politidistrikt måtte til slutt finne si eiga oppskrift på å ta vare på tryggleiken til hjelpemannskapet, utan å forby hoppinga.

– Det vi har kommunisert ut til basehoppmiljøet, er at om ein utset redningsmannskap for risiko, så blir det ikkje aktuelt å gjere forsøk på redning.

– Kva betyr det?

– Det betyr at om du blir utsett for ei ulukke, der faren for å bli utsett for ei ulukke er stor ved forsøk på redning, så vil du bli hengande i veggen. Død eller levande, for å seie det rett ut, seier Arnstein Nilsen.