Hopp til innhold

Meiner det ikkje er plass til fleire kraftverk i norske elver

Vasskraftutbygginga har vore stor over heile landet dei siste åra. Fylkesmannen meiner det snart må vera nok, medan energiministeren ikkje vil setje nokon sluttstrek enno.

Naturvernere over hele landet reagerer på at politikere setter døra på gløtt for å ta i bruk vernede vassdrag til strømproduksjon.
Foto: Anniken Friis / Fylkesmannen i Hordaland

Stadig mindre vatn renn fritt i elvane våre. 70 prosent av vassdraga i Noreg er råka av kraftutbygging.

Det er på Vestlandet og i Nordland det blir produsert mest vasskraft.

No må bremsene på, meiner Fylkesmannen i Hordaland.

– Dei siste 10–12 åra er det bygd ut mykje. For dei vassdraga som er urørte, vil ei utbygging vera i konflikt med friluftslivet og til stor belastning på landskap og dyreliv, seier seniorrådgjevar hjå Fylkesmannen i Hordaland, Anniken Friis.

Ho meiner det er liten plass til nye kraftutbyggingar.

– Difor vil dei fleste som søker om å bygge ut vassdrag få nei.

Mindre pengar

Medan det i fjor vart behandla rundt 20 konsesjonssøknader om vasskraftutbygging i Hordaland, ventar Fylkesmannen langt færre saker til behandling i 2018.

Årsaka er blant anna at det er mindre pengar å tene på å produsere straum fordi ordninga med grøne sertifikat tek slutt etter 2021.

Ordninga gir produsentar av fornybar energi, som vind- og vasskraft, tilskot frå staten.

småkraft

MINDRE LØNSAMT: Frå 2021 er det mindre pengar å tene på kraftproduksjon. Tilskotsordninga med grøne sertifikat forsvinn.

Foto: Eva Sleire / NRK

Færre elvar

Kravet om at mindre utbygging er ikkje noko problem, trur Sigbjørn Rabbe, driftsingeniør i Småkraft.

– Det er langt færre elvar igjen som ikkje er utbygde, så det er naturleg at det nå flatar ut.

Småkraft AS er aller størst på små kraftverk her i landet. Dei driv nærare 100 mindre kraftverk, dei alle fleste på Vestlandet.

Rabbe trur utviklinga kjem til å skje gjennom opprusting og betre utnytting av kraftverka som alt er bygd.

Rune Flatby, K

FLEIRE PROSJEKT: – Det finst framleis gode prosjekt som kan realiserast, seier avdelingsdirektør i konsesjonsavdelinga i NVE, Rune Flatby.

Foto: Hilde Totland Harket / NVE

735 søknader

Også avdelingsdirektør Rune Flatby i konsesjonsavdelinga i NVE trur mykje av utviklinga vil skje gjennom opprusting og utviding av eksisterande anlegg.

– Som ei følge av satsinga på fornybar energi og støtteordninga med elsertifikat var det ekstrem interesse og eit rush med søknader frå heile landet om utbygging av småkraft for nokre år tilbake.

Frå 2012 til 2017 ferdigbehandla NVE 735 søknader. Det er naturleg at det blir færre søknader om utbygging framover, meiner Flatby.

– Fylkesmannen i Hordaland meiner det ikkje er rom for meir kraftutbygging. Kva meiner du om det?

– Det finst gode prosjekt som framleis kan realiserast, men vi ventar ikkje same søknadsmengde framover.

Utfall småkraftsaker i Hordaland
Foto: Anniken Friis / Fylkesmannen i Hordaland

Vil ikkje sette sluttstrek

Det er NVE og Olje- og energidepartementet som gir endeleg avslag, eller løyve til utbygging.

14 nye kraftverk vart godkjende i fjor. Blant søknadene som fekk avslag er Øystesevassdraget i Kvam og fire prosjekt i same vassdraget i Valldalen i Odda.

Olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp) vil ikkje setta nokon sluttstrek for vasskraftutbygging i Noreg.

– Det vil koma nye søknader og dei må vurderast individuelt. Vasskraft er ryggrada i det fornybare systemet vårt, og det vil vera behov for både oppgraderingar og bygga ut meir i åra som kjem.