Hopp til innhold

Meiner dei har betalt for mykje for tomtene som gir plass til Bybanen

Sundag opnar den nye bybanelinja til Fyllingsdalen, éin milliard dyrare enn venta. No meiner både Bergen og Vestland at det er brukt for mykje pengar på å kjøpe plass til Bybanen.

– For oss er det viktig å disponere fellesskapet sine pengar på best mogleg måte. No betaler vi for dette med statlege pengar og lokale bompengar, seier prosjektdirektør Terje Simmenes i Bybanen Utbygging.

Sundag opnar den nye bybanelinja til Fyllingsdalen i Bergen. Heile utbygginga har kosta om lag 10 milliardar kroner. Det er ein heil milliard meir enn planlagd.

Under bygginga tapte Vestland fylkeskommune og Bergen kommune fleire tvistesaker i Gulating lagmannsrett.

Godsterminal på Mindemyren

FØR: Mindemyren med godsterminal for tog, samt korleis Kanalveien (bilvegen til høgre) såg ut før utbygginga byrja.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Usemje om tomteverdi

For å kunne bygge Bybanen i ein tett og trong by som Bergen, må utbyggarane kjøpe areal frå tomter og eigedomar langs den vedtekne traseen.

Men i sakene har det vore usemje om kva ein skal betala i erstatning for dette arealet.

Det er ikkje berre Bybanen som blir bygd heller. Det blir lagt nye røyr for vatn og avløp, samt nye sykkelvegar, fortau og vegar.

Fylkeskommunen og kommunen meiner tomteeigarar har fått fleire hundre millionar kroner for mykje i erstatning for å gi frå seg deler av tomtearealet sitt til Bybanen.

Dei som mistar ein del av tomta si, burde få mindre erstatning fordi resten av tomta blir meir verdifull, meiner Simmenes og resten av fylkeskommunen.

– Vi tilfører stor verdi til dei tomtene som er her, seier Simmenes og ser rundt på den totale forvandlinga som Mindemyren har gått gjennom dei siste åra.

Mindemyren ny med Bybanen

NO: Bybanen har tatt plassen til bilvegen. Ny sykkeltrasé er lagt under vegen.

Foto: Iver Daaland Åse / Bybanen Utbygging

Utløyser milliardinvesteringar

Men lagmannsretten meiner det ikkje er bevist at Bybanen aukar verdien på den delen av tomtene som står att etter at traseen er lagt.

Bane Nor er ein av grunneigarane som har store tomteareal på Mindemyren. Her meinte fylkeskommunen at jernbaneføretaket burde få 0 kroner i kompensasjon.

– Vi enda opp med å betale dei 133 millionar kroner. Og i dette tilfellet meiner vi at vi tilfører resteigedomen større verdi, seier Simmenes om dommen frå lagmannsretten.

Den første bybanelinja frå sentrum til Nesttun i Bergen opna i 2010. Sidan då har det vore mange mediesaker om korleis prisane på hus og leilegheiter langs traseen har auka kraftig.

Det er også investert milliardar av kroner i både næring og bustadbygging langs linja heilt til Flesland. Det er rekna på at den nye Bybanen til Åsane årleg vil utløysa 2 milliardar kroner i investeringar langs traseen.

Mindemyren

BLIR NYTT: Den tidlegare meieritomta og det gamle NRK-bygget er blant områda som blir transformert til nye bustader.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Advokat: – Vanskeleg å forstå

Lova seier tomteeigarar skal få erstatning ut frå kva tomtene var verdt før utbygginga.

Landet over er det døme på at det er rettspraksis, ifølge jurist Roald Hopsnes ved Universitetet i Bergen. Han har vore advokat for kommunen i fleire tomtesaker.

– Men retten har her lagt det grunn at det ikkje har vore ein slik verdistigning. Men ser ein på kvar det skjer byggeaktivitet og korleis folk som sel eigedom reklamerer med nærleik til Bybanen, er det vanskeleg å forstå at ikkje Bybanen skal påverke tomteverdiane, seier Hopsnes.

Gulating lagmannsrett vil ikkje kommentera kritikken mot sine dommar om ekspropriasjonserstatningar.