Hopp til innhold

Meiner båttjuveri har samanheng

Politiet meiner det er ein samanheng mellom tjuveri av 12 båtmotorar i Selje, Volda, Gloppen og Sogndal. Tjuveria har skjedd frå 26. til 29. mai. Båtmotorane er verd fleire hundre tusen kroner.

– Tjuvane har gjerne stole ein båt og brukt denne til å frakte tjuvegods frå naustet eller båten som dei har stole frå, seier leiar ved seksjon for etterforsking i Sogn og Fjordane, Askel Rødland.

Politiet i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane samordnar no etterforskinga.

I samband med tjuveria i Sogndal og Gloppen er det gjort observasjonar av ein mørk Volkswagen Caravelle, som politiet ynskjer tips om.

Bilen skal ha utanlandske kjennemerke med tre bokstavar og tre tal.

– Det spesielle med denne er eit kraftig sykkelstativ bakpå, seier Rødland og ber publikum ta kontakt om dei har informasjon om denne bilen.

I ettermiddag har politiet fått tips om ein bil som kan stemme med det etterlyste køyretøyet i Selje, og politiet ynskjer å kome i kontakt med dei som er i bilen. Politiet har også fått tips om ein mørk VW Touran som har vore observert i Gloppen i samband med tjuveria der.

Bil som er sett i samband med tjuveri av båtmotorar.
Foto: Politiet