Hopp til innhold

Meiner Ap har narra veljarane

No opnar Arbeidarpartiet for å leggje ned lokale sjukehustilbod.

Nordfjord sjukehus

UTSETT: Arbeidarpartiet opnar for å leggje ned fleire tilbod ved lokale sjukehus, som her ved Nordfjord sjukehus.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Arbeidarpartiet skal etter det NRK erfarer opne for å sentralisere bort delar av behandlingstilbodet og akutt-tilbodet ved lokale sjukehus.

Dette skjer i samband med regjeringsforhandlingane mellom Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Arbeidarpartiet.

- Både i den førre og i denne valkampen har Ap lova at ein skulle ha nærleik til akuttenester og fødetilbod. Så det er eit svik om ein skal ta bort denne grunnleggjande tryggleiken frå folk i distriktsnorge, seier Bente Øien Hauge i Forsvar Lærdal sjukehus.

- Har misforstått

I fire år har regjeringa freda lokalsjukehusa mot nedlegging og kutt i tenestetilbod. No vekkjer nyhenda om at Arbeidarpartiet snur på flisa, sterke reaksjonar frå lokale sjukehusforkjemparar.

Bente Øien Hauge meiner politikarane i partiet har narra veljarane sine i valkampen.

Men Jan Bøhler meiner forkjemparane har misforstått.

- Vi vil berre sentralisere høgspesialiserte og planlagde operasjonar, samt inngrep som til dømes kreftbehandling, seier han.

- På høg tid

Også leiar i Norsk kirurgisk forening, Tom Glomsaker, meiner det er på høg tid med sentralisering.

- Vi må ta omsyn til teknologisk utvikling, krav til kvalitet og at vi har ein sjukehusstruktur som er bygd i ei tid med heilt andre føresetnader. Dessutan er det slik at alle sjukehus slit med ein heilt uhaldbar økonomi, seier han.

- Går for langt

Nordfjord sjukehus i Eid er landets fjerde største innan skulderkirurgi. No fryktar nordfjordingane for framtida.

For mange av innbyggjarane i regionen er det to-tre timar til Førde - og over fem timar til Haukeland i Bergen.

- Det er inga usemje i det kirurgiske miljøet om at det er rett å samle alle større skader ved større sjukehus. Men dette er å gå litt langt, seier seksjonsoverlege og ortoped Kristian Humborstad ved Nordfjord sjukehus.